- Vi ønskjer å markere at næringslivet og arbeidslivet er opptekne av og treng ei ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim, seier regiondirektøren i NHO i Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang.
- LES OGSÅ:
Til transportkomiteen
VIL KJEMPE: Måndag leverer regiondirektøren i NHO Jan Atle Stang 600 underskrifter til Transportkomiteen på Stortinget. Målet er ferjefri E39.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRKMåndag reiser han saman med NHO og LO frå dei fire vestlandsfylka til Oslo for å levere eit opprop om ferjefri E39 til Transportkomiteen på Stortinget.
Oppropet er underskrive av kring 600 bedrifter og fagforbund i dei fire fylka og underskriftene blir overlevert på Stortinget klokka 13.
- At så mange har skrive under er veldig bra. 1,3 millionar nordmenn bur og arbeider i denne vestlandsregionen, og vi reknar med å bli lagt merke til, seier Stang.
- LES OGSÅ:
Krev prosjektering
Diskusjonen kring ferjefri E39 har pågått lenge, og fleire meiner det er viktigare å få på plass gul midtstripe enn å avskaffe ferjene på strekninga mellom Kristiansand og Trondheim.
- Vi er like mykje opptekne av gul midtstripe mellom bruene vi ønskjer oss, men no er vi klare på at vi må få prosjektere heile prosjektet. Det kan ikkje bli stykkevis og del, men vi må få eit løp som går heile vegen, seier NHO direktøren.
- LES OGSÅ:
Vart oppmoda om å levere
- Kva ventar de av reaksjonar når de leverer desse underskriftene?
- Tidlegare har det ikkje vore noko. No står NHO og LO saman bak dette og vi er også oppmoda av samferdsledepartementet om at det må kome krav frå nøæringslivet slik at det ikkje berre vert politiske stemmer som snakkar om dette.
- Vi har 42 prosent av eksporten
Stang trur at dei vil bli lagt merke til og at underskriftene har ein effekt.
- Dette er ei ganske massiv støtte for ferjefri E39. I seg sjølv står vestlandet for 42 prosent av den tradisjonelle eksporten av varer og tenester og då har vi ikkje rekna med olje og gass. Det burde bety noko, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: