Hopp til innhold

Lei av at private skor seg på busetjing av asylsøkjarar

Ordførar Sven Flo (H) i Stryn vil ha slutt på at private selskap skummar fløyten i samband med busetjing av asylsøkjarar.

Sven Flo, ordførar i Stryn

VIL HA KOMMUNALE MOTTAK: Sven Flo er ordførar i Stryn.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

I fjor tente ein privat aktør åleine 28 millionar kroner på drift av asylmottak. Stryn bør vurdere å opprette eit eige kommunalt asylmottak, meiner Høgre-ordføraren.

– Dette har vore eit ankepunkt frå mi side, at det er profitørar i marknaden. I stor grad er det snakk om personar som berre ser økonomi i dette, seier Flo

Krigen i Syria

Krigen i Syria gjer at syrarar rømmer heimlandet i hopetal. Europa er det store målet. Dei fleste ønskjer å dra til Tyskland og Sverige, men også flyktningstraumen til Norge er stor. Dei private aktørane som driv asylmottak tener gode pengar på at det kjem stadig fleire flyktningar til landet vårt.

  • Les også:

– Sjølv om eg er høgremann så treng eg ikkje meine at marknaden skal styre alt. Det er menneske vi snakkar om, som er i ein heilt spesiell situasjon. Og det er ikkje minst ein pengeflyt som ikkje treff der den burde, nettopp i forhold til dei som leverer tenestene, i dette tilfellet kommunane, seier Flo.

Sjølv om eg er høgremann så treng eg ikkje meine at marknaden skal styre alt.

Sven Flo

Store overskot

Hero Norge, som er ein av landet sine største private aktørar på drift av asylmottak, hadde i fjor eit driftsoverskot på 28,4 millionar kroner. Norsk Mottaksdrift, som driv fleire mottak her i fylket, hadde eit driftsoverskot på i underkant av 6 millionar. Dei private aktørane hentar mesteparten av midlane sine frå staten.

Lars-Svein Drabløs

LOV Å TENE PENGAR: Lars Svein Drabløs er fylkesleiar i Framstegspartiet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Lars Svein Drabløs, har på si side ikkje noko imot at dei private aktørane tener godt på asylantane.

– Det vi skal vere klar over er at her er det nokre private aktørar som har organisert dette på ein tilfredsstillande måte. At dei då har tent pengar på det er for så vidt greitt, seier Drabløs.

Kritisk til private aktørar

Ingolf Folven frå Oppstryn, som sjølv ønskjer å leige ut kårhuset sitt til flyktningar , er kritisk til at dei private aktørane tener godt på asylsøkjarane.

Ingolf Folven

VIL LEIGE UT: Ingolf Folven.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg føler at det er ein kritisk situasjon, med stor pågang av asylsøkjarar. For mange er det blitt ei vekstnæring, der dei rett og slett spekulerer i å drive asylmottak. Ein høyrer litt tal og kostnader på dette og eg føler at dette er ganske usmakleg. Mange skummar fløyten på at folk er i naud, seier Folven.

Men du har sjølv annonsert at du vil leige ut til flyktningar, og er ikkje du og då ein av dei som vil tene pengar på dette?

– Eg har ikkje tenkt i dei baner i det heile. Skal vi leige ut kårhuset på garden til busetjing av flyktningar så blir det til ordinær takst for utleige av hus. Og ute i distrikta så er ikkje det all verda, seier Folven.

Så du vil ikkje ta høgast mogleg leigepris for kårhuset?

– Slett ikkje. Eg vil heller slå av på prisen for at det skal bli enklare for dei som vil starte eitt nytt liv i Norge.

Mange skummar fløyten på at folk er i naud.

Ingolf Folven

Avviser skuldingar

Tor Brekke

Tor Brekke fortel at Hero Norge er opptatt av å ta godt imot asylsøkjarane som kjem til Norge. Sjølv om selskapet tente 28 millionar kroner i fjor, avvviser han at dei skor seg på andre si naud.

Foto: Alf Vidar Snæland

Hero Norge, som i fjor tente 28 millionar kroner på drift av asylmottak, avviser at dei skor seg på andre si naud.

Det er ein heilt urimeleg påstand at vi skor oss på andre si naud.

Tor Brekke

– Ein slik påstand er heilt urimelig. Vi er opptekne av å ta godt imot dei asylsøkere som kjem til Norge, gje dei ein god start og ein god introduksjon til det norske samfunnet. Det har vore vår motivasjon i dette fagfeltet gjennom snart 30 år. Fjorårets overskudd representerer ein driftsmargin på noko over fem prosent. Det er nøkternt og ein kan ikkje hevde at vi skummar fløyten, seier Tor Brekke, administrerande direktør i Hero.

Kommunalt mottak

Utlendingsdirektoratet har inngått avtale med Norsk Mottaksdrift om drift av asylmottak i Stryn for dei komande tre åra.

– Når den perioden er over kan det vere aktuelt at Stryn opprettar eit kommunalt mottak, seier Flo.