Hopp til innhold

Meiner Ap-leiinga har vore sleipe

Eid Arbeidarparti meiner fylkesleiinga i partiet har oppført seg både sleipt og uryddig i E39-saka. Fleire medlemmer er svært forarga over det som no skjer.

Siri Sandvik

SLEIPE: Siri Sandvik som er lokallagsleiar i Eid Ap, seier folk føler leiinga i partiet har vore både sleipe og uryddige i E39-saka.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

På ei medlemsmøte i lokallaget fredag skal det ha vore høg temperatur og mange skal ha uttrykt sterk frustrasjon over måten Sogn og Fjordane Ap har handtert saka om kor E39 i framtida skal gå gjennom Nordfjord.

Lokallagsleiar i Eid, Siri Sandvik, seier mange kritiserte leiinga og meiner dei no opptrer på ein måte som vil skade tilliten til partiet.

– Det var mange som tok til orde og var svært forarga over måten fylkespartiet har handtert denne saka. Folk opplever det som uryddig, seier Sandvik til NRK.no.

Fylkesnestleiaren har fått nok

Fredag vart det klart at tidlegare Eid-ordførar, Sonja Edvardsen, har fått nok av det ho meiner er klare løftebrot frå Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Etter at partiet i valkampen sa at dei ville at E39 i framtida skulle gå via Anda-Lote har dei no snudd.

Når fylkestinget neste veke skal røyste over saka vil ti av elleve fylkestingsrepresentantar gå for E39 via Stryn.

Edvardsen som er fylkesnestleiar tok i går eit oppgjer med partiet, og gav grei beskjed om at ho ikkje lenger vil vere med i fylkespolitikken.

– Eg har vurdert fram og tilbake etter behandlinga av E39-saka, og eg har kome til at eg ikkje kan vere ein del av ein organisasjone som så klart bryt med lovnadene vi har gått til val på når det gjeld E39, sa Edvardsen til NRK.no fredag ettermiddag.

– Kvifor er dette så alvorleg?

– Det går på min legitimitet og mitt ansvar som politikar, sa ho.

Edvardsen vil sitje som fylkesnestleiar fram til fylkesårsmøte i Arbeidarpartiet i mars. Men vil då ikkje stille til gjenval.

– Uryddig og sleipt

Og Edvardsen er langt ifrå den einaste Ap-politikaren i Eid som no går til angrep på fylkesleiinga. På møtet i går var det som har skjedd i E39-saka eit heitt tema, fortel lokallagsleiaren.

– Dette er ei sak partiet var tydelege på i valkampen. No oppfattar både og brorparten av veljarar at ein går vekk ifrå det ein har lova.

– Korleis vil du karakterisere måten saka har blitt handtert på i Ap?

– Det er gjerne sterke ord, men det er i alle fall uryddig, og nesten litt sleipt, seier ho.

Sandvik grunngjev dette med at ein no legg inn tolkingar som det ikkje har vore lagt til tidlegare.

– Eg er veldig skuffa over Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åshild Kjelsnes

IKKJE URYDDIG: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes vil ikkje gå med på at Ap har opptredd uryddig i E39-saka.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Kjelsnes avviser uryddigheit

Gruppeleiar for Arbeidarpartiet på Fylkestinget, og fylkesordførar Åshild Kjelsnes forstår at folk i Eid Ap er skuffa over at dei ikkje får det trasevalet dei har ønska seg.

– Men eg meiner ikkje partileiinga har opptredd uryddig. Eg meiner vi har hatt ein demokratiskog brei prosess. At vi er usamde i sak, det forstår eg godt, seier ho.

– Men her har de lova noko i valkampen som de i ettertid har gått vekk frå?

– Eg har gjentekne gonger sagt at under valkampen sa vi at per då låg linjevalet fast. Men eg tok gjentekne gonger atterhald om at vi måtte ta ein ny gjennomgang av saka då konseptvalutgreiinga låg klar, og det er vi har gjort, seier Kjelsnes til NRK.no.