Hopp til innhold

Folkerøysting: – Minst seks av ti bør stilla opp

NORDHORDLAND (NRK): Ordførarar i det som kan bli den største kommunesamanslåinga i Noreg fryktar låg oppslutnad når folk skal seia sitt.

Karstein Totland

MÅ STILLA: Ordførar i Masfjorden Karstein Totland (H) er redd deltakinga i folkerøystinga vil bli for låg. Han håper folk kjem til valurnene 23. mai, for å seia si meining om framtida til ein ny storkommune.

Foto: ODDGEIR ØYSTESE / NRK

– Jamt over føler me at engasjementet har vore labert til no. Det ser me også på folkemøta som me har hatt. Oppslutnaden har vore frå 20 til 50 personar, seier ordførar i Meland, Øyvind Oddekalv.

Han har prøvd å snakka med folk, og bedt dei involvera seg. Men det har kome få høyringssvar på kva som er viktig om Meland skal inn i ein storkommune.

– Til no har det berre kome inn eitt høyringssvar. Fristen er 10. april, seier Oddekalv.

Storkommune

I mars skreiv kommunane Lindås, Radøy, Meland, Fedje, Austrheim, Gulen, Modalen og Masfjorden under på ein intensjonsavtale om å slå seg saman til Nordhordland kommune.

Folket skal spørjast til råds gjennom opinionsundersøking eller folkerøysting i mai.

22. juni skal dei åtte kommunestyra fatta sine endelege vedtak.

Åtte kommuner kommunesammenslåing Hordaland

– Bør vera 60 prosent deltaking

Heller ikkje i Masfjorden er engasjementet noko å skryta av, ifølge ordføraren Karstein Totland.

– Me er opptekne av å få folk til å bry seg, fordi dette har betydning for framtida deira. Heile vitsen med ei folkerøysting står i fare om interessa ikkje tek seg opp seg før valdagen, seier Totland

Han meiner valdeltakinga bør vera på minst 60 prosent.

– Er det under 60 prosent er det for dårleg, eg meiner minimum 60 prosent må møta opp for at det skal ha legitimitet.

Ordfører Meland

IKKJE GODT NOK: Til no har det berre kome inn eitt høyringssvar i debatten om kommunesamanslåing i Meland. – Det er for lite, seier ordførar i Meland Øyvind Oddekalv (Ap).

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Vil heller ha opinionsundersøking

Totland er usikker på om ei folkerøysting er den rette måten å involvera innbyggarane på.

– Eg hadde personleg føretrekt ei opinionsundersøking. Men det var tydeleg fleirtal for folkerøysting i kommunestyret. Ei folkerøysting har kanskje større legitimitet blant folket, men om ein får låg deltaking er det likevel usikkert kva folk faktisk meiner.

Regionrådet for Nordhordland bestemte før helga å setta alle klutar til for å få til ein valfeber, eller i alle fall litt temperatur før folket skal få sei meininga si 23. mai.

No vil dei setta inn annonsar i aviser og arrangera fleire folkemøte.

– Me vil køyra ein del kampanjar i avisene, neste veke skal eg snakka med ungdommar på skulane, og det er mogleg det blir ein paneldebatt, seier Oddekalv, som vil gjera sitt for å få opp engasjementet.