Allereie fredag morgon kan Media Norge få ei såkalla ubegrunna varsling frå Konkurransetilsynet. Heile prosjektet kan bli skrinlagt fordi det på sikt vil føra til ein vesentleg reduksjon i aviskonkurransen i Noreg.
Inngrip aktuelt
- Eg vil bli veldig overraska om ikkje Konkurransetilsynet set foten ned for dette prosjektet, seier konsernredaktør John Arne Markussen i Avishuset Dagbladet til NTB.
Konkurransetilsynet har i dag varsla at partane i Media Norge-fusjonen om at det kan bli aktuelt å gripa inn mot fusjonen. Varslinga inneber at tilsynet vil arbeida videre med saken.
- Dette er ikkje noko overrasking. Me ventar på resultatet, seier Einar Hålien, sjefredaktør i Bergens Tidende.
Drama i Stavanger
Fædrelandsvennen og Bergens Tidende og Aftenposten sa torsdag eit klart ja til Media Norge.
Likevel hang fusjonen lenge i ein tynn tråd fordi situasjonen på generalforsamlinga i Stavanger Aftenblad var uavklart.
Stavanger Aftenblad brukte over fire timer før 77 prosent av de avgitte stemmene svarte ja til fusjonen.