– Med den vinden, og dei vindrosene som var i Måløy i går, og likevel velje å krysse brua ... Det er ikkje mindre enn livsfarleg, seier politibetjent Jan Arild Nervik, ved Vågsøy lensmannskontor.
44 meter per sekund
For medan lause gjenstandar flagra i vinden, terrassar, tak og sjøbuer vart raserte og Måløy sentrum vart sperra av, bestemte altså den unge guten seg for å krysse brua som knyt Måløy til fastlandet.
- Les også: Vind tok garasje – to personar skadde
Vindmålaren viste vind på 44 meter per sekund. Brua blir stengd på 32 meter i sekundet.
- Les også: Tor sette vindrekord
– Det røska bra i politibilen då vi stilte oss opp for å ta imot. Vi var utruleg letta då vi såg skikkelsen komme i mot oss, for vi hadde gode opplysningar på at han gjekk inn på brua, seier Nervik.
Nesten kasta over
Det var litt over klokka sju at ventande bilistar såg 19-åringen ta seg ut på brua på Måløy-sida. På andre sida blir han møtt av politiet.
- Les også: Slik venta ferjepassasjerane i tre timar
– Det var med stor anstrengelse at han kom seg dit. Han var 19 år. Slik vinden var, skal han vere glad at han blir eldre, seier Nervik.
– Akkurat i det han gjekk av brua heldt han på å blåse over autovernet. På brua er rekkverket høgare. Han skal vere takksam at han er i live, legg han til.
Manglande respekt
Politiet skyssa 19-åringen til hybelen. Med seg på turen fekk han også nokre velvalde alvorsord. Mannen kjem ikkje til å bli bøtelagd for hendinga.
– Han skjønte nok ikkje heilt kva han hadde vore med på. Det går nok opp for han seinare. Vi får ta ein telefon til han i kveld og høyre korleis det går med han, seier Nervik.
Politibetjenten er oppgitt over den manglande respekten folk viste for sperringane under orkanen. Bilistar var kreative og tok seg forbi sperringar.
– Ein del fekk nok tøffe opplevingar då dei kryssa brua i vind på over 32 meter i sekundet, og det berre for å gjere kvardagslege ting når det er krisesituasjon ute, seier han.