Hopp til innhold

Telefonen frå 15-åringen førte til avdekking av pedofilinettverk – no er historia blitt true crime

Ein telefon frå ein tenåring i Bergen i 2006 blei starten på ei internasjonal jakt etter overgriparar. No er dokumentarserien klar for publikum i 150 land.

Martin Krossnes

NY DOKUMENTAR-SERIE: Martin Krossnes trudde han skulle møte ein jamgamal gut, men møtte i staden ein overgripar.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

NY DOKUMENTAR-SERIE: Martin Krossnes trudde han skulle møte ein jamgamal gut, men møtte i staden ein overgripar.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

15 år gamle Martin Krossnes trur han chattar med ein jamgamal gut.

Dei avtalar å møtast i Bergen sentrum. Men guten viser seg å vere ein 39 år gamal mann som vil ha 15-åringen med på hotellrommet sitt.

Martin diktar opp at han har eit ærend på ein kiosk i nærleiken. Han går dit, låner ein telefon og ringer politiet.

Martin har ikkje så mykje informasjon, men han har mobilnummeret til mannen. Det er registrert på adressa Allehelgensgate 6.

Det er adressa til Bergen sentrum politistasjon.

Mannen som har prøvd å lura Martin er ein erfaren politimann.

Dette er starten på opprullinga av eit internasjonalt pedofilinettverk.

No har historia blitt ein sannkrim-dokumentarserie som skal visast i 150 land.

Overgrep på det mørke nettet

– Det var her me møttest, og der inne eg ringde politiet, seier Krossnes, tilbake på Torget i Bergen.

17 år etter han hadde mot til å kontakta politiet, skal historia hans og konsekvensane av valet han tok spreiast til store delar av verda.

Benjamin Langeland, Martin Krossnes og Bent Raknes

Regissør Benjamin Langeland, varslar Martin Krossnes og tidlegare etterforskingsleiar Bent Raknes på Torget i Bergen.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– På Bryggen i Bergen veltar den første dominobrikka, seier regissør Benjamin Langeland.

Dei norske politietterforskarane skjønnar at Krossnes si oppleving i Bergen sentrum er meir enn eit forsøk på grooming.

På datamaskina til politimannen og kollegaen deira, Johan Martin Vie, finn dei overgrepsmateriale som etter kvart leiar etterforskinga til Romania, Brasil, Afghanistan, Storbritannia, Italia og USA.

FBI-aksjonar i Hollywood

– Det vaks seg så stort at det var nesten ikkje til å tru, seier Bent Raknes, tidlegare etterforskingsleiar ved Vest politidistrikt.

Regissøren omtalar han som «hjarta» av dokumentarserien «Operasjon Lost Boy», som har premiere i dag.

At Martin Krossnes varslar politiet, resulterer i ei forbrytarjakt på det mørke nettet og fleire FBI-aksjonar i Hollywood.

Mellom anna sonar eks-politimannen i dag ein forvaringsdom som nyleg vart forlenga.

– Det som skjer denne kvelden er avgjerande. At Martin tek telefonen og at dei to rette politifolka viser interesse og gjer jobben sin på ein god måte. Det er det som gjer at me kjem oss heilt til Los Angeles til slutt, seier Raknes.

Bent Raknes

Bent Raknes var etterforskingsleiar da politiet på Vestlandet avdekka den grufulle saka.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Mørk materie

For regissør Langeland var det ein mørk materie å ta tak i.

Han blei likevel raskt sikker på at han ville vera med på prosjektet. Han fortel at han vart overraska over kor mykje mørke som finst der ute.

– Men eg er endå meir overraska over kor mange gode menneske som ofrar tida si og psyken sin på å avdekka denne typen forferdeleg kriminalitet, seier Langeland.

Han fortel at mange ønskte å vera med på å fortelja denne historia.

Martin Krossnes, Benjamin Langeland og Bent Raknes

Varslar Martin Krossnes, Regissør Benjamin Langeland og tidlegare etterforskingsleiar Bent Raknes på Torget i Bergen.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– Når ein har gjort noko det er verdt å vera stolt over, så har ein gjerne lyst til å dela det, seier han.

Han trur serien kan hindre overgrep.

Krossnes, som har sett den første episoden, fortel at det var meir skremmande enn han hadde trudd.

– Du får høyra historier om noko du tenkjer at det der skal ikkje skje, det kan ikkje skje, men som har skjedd. Men eg er heller ikkje overraska over det, dessverre, seier Krossnes.

– Viktig historie

Verken han eller Raknes hadde trudd at historia deira kunne bli ein dokumentarserie.

– Men etter mi meining er dette ei viktig historie. Eg er glad ho no skal koma ut, seier Raknes.

Les også Tidligere politimann dømt til forvaring igjen – frykter nye overgrep

Øvre Romerike tingrett