Hopp til innhold

– Har aldri skjøna at «det viktigaste er å delta»

Ein svært sterk vinnarvilje sikra Marco Elsafadi sigeren i NRK-programmet Mesternes meister. – Det er ikkje vits å delta viss ein ikkje gjer det ordentleg, meiner han.

Marco Elsafadi

VINNARINSTINKT: Marco Elsafadi (37) vann Mesternes meister laurdag.

Foto: Else Karine Archer

Mesternes mester finalen

DRAMATISK: Marco Elsafadi (til venstre) i finalen mot Johan Remen Evensen.

Foto: Skjermdump / NRK

Laurdag vart det avgjort kven som vart vinnaren av Mesternes meister på NRK1. I ein dramatisk finale mot Johan Remen Evensen var det Marco Elsafadi (37) som trakk det lengste strået.

37-åringen stråla etter sigeren og måndag sat smilet framleis laust då han gjesta Nitimen på NRK P1.

– Eg smiler litt ekstra no om dagen.

Sjå finalen om att her!

HØYR: Marco Elsafadi gjesta Nitimen måndag 10. mars.

Var usikker

Basketspelaren fortalde at han fleire gonger i løpet av konkurransen var usikker på om det kunne bli han som stakk av med sigeren til slutt.

Eg var ein av dei barna i barnehagen som gøymde meg i skapet og grein viss eg ikkje vann konkurransar.

Marco Elsafadi

– Tanken om å vinna streifa meg, men for å vere ærleg så svikta motet undervegs ganske ofte. Når ein ser kva konkurrentar ein har å bryne seg mot så blir ein litt audmjuk.

– Men ein toppidrettsutøvar slepp ikkje tanken på å vinne før det er heilt over.

I dag vart det klart at i snitt over ein million menneske følgde med på årets utgåve av finalen i «Mesternes Mester».

Sterkt konkurranseinstinkt

Elsafadi seier at han har hatt eit stort vinnarinstinkt heilt sidan han var liten.

– Eg var ein av dei barna i barnehagen som gøymde meg i skapet og grein viss eg ikkje vann konkurransar. Og det kunne vera heilt uformelle ting som å konkurrera om å vera førstemann tilbake i barnehage frå leikeplassen og slike ting.

Men å ha eit sterkt konkurranseinstinkt har ei bakside. 37-åringen fortel at han har slite med den sterke vinnarviljen og at han har vore nøydd til å trena seg opp til å handtere tap.

– For eg har aldri skjønt det der «det viktigaste er å delta»-prinsippet. Klart det er viktig at alle har det hyggeleg, men det er ikkje vits å delta viss ein ikkje gjer det ordentleg, meiner Elsafadi.

Han meiner alle deltakarane i programmet har dette instinktet.

– Det er ein grunn til at dei har oppnådd resultat. Det har noko med hovudet å gjera.

Såg finalen med konkurrentane

I samband med finalen som gjekk på fjernsyn laurdag, var både deltakarar og andre knytt til produksjonen av programmet samla til fest.

– Det var kjekt å sjå finalen med dei andre. Eg har ikkje sett episodane før dei gjekk på fjernsyn. Det er artig å høyre kva dei andre deltakarane sa i intervjua før konkurransane, fortel Elsafadi.

No har han vendt tilbake til kvardagen i Bergen. Mellom anna spelar han i 2. divisjon med Askøy Basketballklubb.

– Det er minst like viktig å vinne der også, ler 37-åringen.