Hopp til innhold

Mann varetektsfengsla etter truslar og utpressing

Ein mann frå Ytre Sogn vart laurdag varetektsfengsla i fire veker av Sogn og Fjordane tingrett. Bakgrunnen for fengslinga skal vera truslar og utpressing i samband med narkotika. Mannen sin forsvarar, advokat Kjetil Ottesen, seier til NRK at han ikkje har fått snakka med sin klient, at han difor ikkje veit korleis han stiller seg til avgjerda om fengsling. Fengslingsmøtet vart halde i Førde. Aktor og forsvarar var med på video frå Bergen.