Hopp til innhold

Mann slo ungdomar på Bybanen

Ein mann har slege til fleire ungdomar på Bybanen på Hop i Bergen. Politiet fekk melding om hendinga klokka 21.35.

– Me rykka ut med fleire patruljar, og har kontroll på ein mann i 30-åra, seier Knut Dahl-Michelsen i politiet.

Ungdomane er i alderen 14–15 år, og tre av dei seier dei har blitt slått av mannen. Ein av dei klagar over å ha smerter, dei to andre er uskadde.

– Det er for tidleg å seia noko om bakgrunnen til at dette skjedde. Me pratar med den mistenkte og ungdomane no, seier Dahl-Michelsen.

Han fortel vidare at det ikkje står fram som om det er ein relasjon mellom mannen og ungdomane, men at dei undersøker det vidare.