Hopp til innhold

Mann omkom i gravemaskinulukke i Bergen

Ein mann omkom etter å ha komme i klem under ein gravemaskin.

Gravemaskin

KLEMULYKKE: Ein mann skal måndag ettermiddag ha komme i klem under ein gravemaskin i Bergen.

Foto: Arne Frank Solheim

Ein mann i 60-år omkom måndag ettermiddag etter at han skal ha komme i klem under ein gravemaskin i Mathopen i Bergen.

Politiet fekk melding om ulykka 17.28 og naudetatane rykte med store ressursar.

Det blei sett i gang livreddande førstehjelp, men mannen blei erklært død på staden.

Politiet kan ikkje seie noko meir om årsaka til ulykka og hendingsgangen i forkant.

Dei jobbar på ulykkestaden med vidare undersøkingar.

– Vi jobbar med å få oversikt over eventuelle vitne og vareta dei som har vore på staden då ulykka skjedde, seier Bjarte Rebnor i Vest politidistrikt.

Politiet har òg varsla kriminalteknisk avsnitt, som er på staden og gjer undersøkingar.

Politet har oppretta straffesak etter ulykka.

Jourhavande jurist ved Vest politidistrikt, Øystein Horn, seier til BT at det var det to personar på området då ulykka skjedde – den avdøde og den som køyrde gravemaskina.

Føraren har status som mistenkt i saka, men ingen er per no sikta.

Slik det står fram no, ser det ser det ut til å vere ei ulykke. Det ingen opplysningar som tilseier at det var ei tilsikta handling, seier Horn til NRK.

Horn seier at det er vanskeleg å seie kva som har forårsaka ulykka.

Mannen blei erklært omkommen på staden.