Hopp til innhold

Mann meldt for å bite vektar i Bergen

Julebordsesongen begynner å nærme seg slutten. Natt til laurdag fekk Vest politidistrikt fleire meldingar om slagsmål i Bergen sentrum. Tre vart arrestert.

– Det har vore ei alminneleg travel natt, seier operasjonsleiar Helge Blindheim i Vest politidistrikt.

Den første mannen vart arrestert og meldt for kroppskrenking og ordensforstyrring ved Skutevikstorget i 01-tida, etter å ha slåss med ein vektar. Han skal ha slått han i nasa. Mannen hadde høg promille, opplyser Blindheim.

På Nedre Ole Bulls plass varsla ein vekter i 01-tida om ein aggressiv person som skal ha slått og bite ein vektar. Politiet arresterte mannen og meldte han for kroppskrenking og å hindre offentleg tenesteperson.

Ein tredje mann ved Zachariasbryggen fekk i 03-tida beskjed om å forlate sentrum etter. Men 45 minutt etter kom den rusa mannen tilbake og blanda seg inn i eit slagsmål. Han blei arrestert.

Politiet ordna også opp i slagsmål i Vaskerelvsmauet, Strandkaien og på Torgallmenningen.