Hopp til innhold
Drapsetterforsking i Florø
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Mann drepen i Florø

Oppsummert

2. april 2019 blei ein mann i 40-åra drepen i ein kommunal bustad i Florø. Ein mann i 20-åra har innrømma at han tok livet av mannen. Påtalemakta meiner han var psykotisk og rusa under drapshandlinga.

  • Droppar tiltale i drapssaka

    Statsadvokaten droppar tiltalen mot mannen i 40-åra etter drapssaka i Florø. Det melder Firdaposten. Ein mann i 20-åra er tiltalt for drapet, medan mannen i 40-åra var tiltalt for ikkje å ha hjelpt offeret. Forsvarar Ivar Blikra meiner tiltalen burde vore fråfallen tidlegare og varslar no erstatningskrav.

    Ivar Blikra
    Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
  • Fortel om rusmiljøet

    Både drapsofferet og drapsmannen var ein del av det tunge rusmiljøet i Florø. I retten forklarar den drapstiltalte korleis miljøet var prega av konfliktar, truslar og nye som kom til miljøet.

  • Tiltalte: – Det er tungt

    – Det er tungt. Eg prøver å legge det bort, men eg tenker på det når eg blir innelåst om kvelden i fengselet, fortel drapstiltalte. Han svarar ope på spørsmål frå både aktor og forsvarar. Men det er mykje han ikkje hugsar frå tida rundt drapet.

  • Blei avhøyrd på sjukehuset

    Før han blei arrestert 2. april 2019, blei han frakta til sjukehuset i Førde. Der fortel han ein politimann på sjukehuset at han har slått nokon. – Du veit at dette er alvorleg, seier politimannen. – Ja, visst f... er det alvorleg, sa drapstiltalte.