Hopp til innhold

Mann (56) omkom i MC-ulukke på E39

Politidistrikt Vest opplyser seint onsdag kveld at det var ein 56 år gamal mann frå Karmøy i Rogaland som miste livet i motorsykkelulukka på E39 i Gulen.

Statens vegvesen og politi gjer undersøkingar på ulukkesstaden i Gulen

UNDERSØKINGAR: Det er gjort oppmålingar og andre undersøkingar på ulukkesstaden ved E39 i Gulen.

Foto: Gøril Sætre

Forbipasserande melde frå om ulukka klokka 10.22 onsdag føremiddag. Motorsyklisten hadde køyrd av vegen og hamna i ei elv mellom Kringla og Instefjord, like ved fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

Føraren fekk behandling på staden, men litt over klokka 11 stadfesta politiet at livet ikkje stod til å redde.

Politiet har hatt ein vanskeleg jobb med å identifisere den omkomne. Operasjonsleiar Morten Kronen i Politidistrikt Vest opplyser like før klokka 22 at det er ein 56 år gamal mann busett på Karmøy som miste livet. I samråd med familien blir ikkje namnet frigitt før torsdag morgon.

Politiet held no fram med etterforskinga med mål å finne ulukkesårsaka.

– Vi har gjort taktiske og tekniske undersøkingar på åstaden. Vi har vore i kontakt med dei som melde frå om ulukka for å sjå om vi kan få hjelp via vitneobservasjonar, seier Kronen.

Både Statens vegvesen si ulukkesgruppe og politiet sine krimteknikarar har gjort undersøkingar på staden.

– No vil vi prøve å samle trådane for å sjå om vi kan finne ei ulukkesårsak. Sidan utfallet vart så tragisk vil dette truleg ta noko tid, seier Kronen.

Han seier det har vore fint vêr og tørre vegar på ulukkesstaden dei siste dagane. Vidare forhold rundt føreforholda vil bli del av den pågåande etterforskinga.

Motorsykkelen har fått hard medfart i ulukka, dei tekniske undersøkingane av den vil tidlegast starte på torsdag, seier operasjonsleiaren.

Motorsyklist omkom på E39 ved Duelva

HAMNA I ELV: Motorsyklisten hamna ut i elva Duelva som går like ved E39.

Foto: Gøril Sætre / NRK