Hopp til innhold

Motorsyklist omkom i trafikkulukke

Motorsyklisten køyrde utfor vegen på E39 og hamna ut i ei elv. Naudetatane behandla personen på staden, men livet stod ikkje til å berge.

Motorsyklist omkom på E39 ved Duelva

KØYRDE I ELVA: Store ressursar vart kalla ut til trafikkulukka på E39. Politiet jobbar no med å finne identiteten på mannen.

Foto: Gøril Sætre / NRK

Ulukka skjedde på E39 mellom Kringla og Instefjord i Gulen, like ved fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Motorsyklisten hamna ut i Duelva, som renn like ved vegen.

Då naudetatane kom på staden like før klokka 11 var føraren medvitslaus, og fekk behandling på staden. Litt over klokka 11 kunne politiet stadfeste at livet ikkje stod til å redde.

Jobbar med å finne identitet

Motorsyklisten låg i elva då naudetatane kom til staden. Dei som melde frå om ulukka dreiv då med førstehjelp, opplyser politiet til NRK.

– Dette skal ha skjedd i tilknyting til ei venstrekurve på veg frå Kringla og nedover, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

Motorsyklist omkom på E39 ved Duelva

UKJEND ÅRSAK: Det var i dette området mannen køyrte utfor vegen og ned i Duelva ved E39.

Foto: Gøril Sætre / NRK

Politiet jobbar no med å finne ut kven den omkomne mannen er.

Det har ikkje lukkast oss å få tak i namn og alder på vedkomande. Heller ikkje får vi så mykje opplysningar ut frå skiltet med registreringsnummer. Det er veldig øydelagd og sykkelen ligg delvis under vatn.

Klokka 12.35 kan politiet framleis ikkje stadfeste kven mannen er. Lensmannskontoret i Gulen har overteke ansvaret for etterforskinga.

Ulukkesgruppa på veg

Førebels er det ingenting som tyder på at andre køyretøy har vore involvert i ulukka, ifølgje politiet. Forbipasserande melde frå om ulukka klokka 10.22.

Årsaka til ulukka er førebels ukjend. Ulukkesgruppa til Statens vegvesen er venta å vere på staden nærare klokka 13.00.

Det var lenge manuell dirigering av trafikken forbi ulukkesstaden.

Kringla - Instefjord