Hopp til innhold

– Draumen er å lakkere eit fly

Etter at dekorlakk-kunstnaren Laila fekk besøk av Norge Rundt, har det strøyma på med meldingar. Det er mange som vil gjere litt ekstra for å imponere med bilen sin.

Laila Garlid

LAKK-LAILA: Ho er ein meister på å spraylakkere. Laila Garlid sin dekor er å sjå på mang ein postkasse, men også bilar og motorsyklar.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Det tok ikkje lang tid før det poppa inn med meldingar, bestillingar og venneførespurnadar, seier Laila Garlid i Stryn – også kalla Lakk-Laila.

For det er lakk som er greia. Ho spraylakkerer hjelmar, motorsyklar, bilar og bensinkanner.

– Nokon blir heilt ville og vil ha slik sjølv, fortel Laila Garlid, når ho visar fram bilen sin – ein grundig dekorert Wolksvagen Transporter – med mellom anna ørnar og vakre damer.

Ei stor utfordring

Airbrush

AIRBRUSH: Laila lakkerer med ei sprøyte.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Laila målar med ei sprøyte som heiter airbrush. Den fekk ho i bursdagsgåve for åtte år sidan, og sidan har det gått slag i slag. Når ho ikkje jobbar som assistent i heimetenesta, er det dette ho brukar tida si på.

– Det kjekkaste eg veit er å måle store motiv på store bilar, seier ho.

Som til dømes å måle ei vikingdame på ein lastebil. Sjåføren av bilen er fan av serien Vikings, og har gitt Laila ei ny utfordring.

– Det er første gong eg har laga eit portrett på ein lastebil. Eg er veldig spent på kva han seier.

Lakk-Laila spraylakkerer

PORTRETT: Aldri før har Laila lakkert eit menneske på ein lastebil. Det klarte ho med glans, ifølgje sjåføren – ein fornøgd kunde.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

400 postkassar

Men Laila får mange mindre oppdrag også. Folk vil ha kunsten hennar på bilde, skiferstein og postkassar.

– Eg har sikkert måla 400 postkassar. Det er veldig kjekt når folk blir fornøgde, for dei får alltid noko som ingen andre har, seier ho.

No har ho blitt spurt om å måle ein fjøs, og sjølv om ho likar alle typar oppdrag veit ho kva som ville vore ekstra stas:

– Eit fly. Tenk å få spraylakkere eit fly, seier ho.

Lakk-Laila spraylakkerer

BENSINKANNE: Folk vil ha dekoren til Laila på mykje forskjellig. Her er ei bensinkanne.

Foto: Oddmund Haugen / NRK