Det er konklusjonen til arkeolog Kristine Holme Gabrielsen, som har skrive hovudfagsoppgåve om steinkrossane. Gabrielsen seier at fleire av dei er sende heilt sør til Rogaland.
Større og finare
Steinkrossane som kjem frå Hyllestad er både større og finare bearbeidde enn andre steinkrossar.

Steinbrota i Hyllestad er mest kjende for kvernsteinar. NRK-foto Asle Veien.
Storindustri
Granatglimmerskiferen langs Åfjorden i Hyllestad gav grunnlaget for ein storindustri med 25 steinbrot innanfor eit område som strekkjer seg 20 kilometer. Tidlegare har vi visst at kvernsteinar derifrå vart eksporterte til for eksempel Tyskland og Island.
Det har vore kjent at ein av steinkrossane i Eivindvik stammar frå Hyllestad.
Saman med kollegaen Irene Baug har Kristine Holme Gabrielsen no studert dei 30 steinkrossane som framleis finst langs Vestlandskysten – og konklusjonen hennar er at heile 14 av dei er laga i Hyllestad. Det er ingen tvil om at dei som arbeidde i desse steinbrota var vide kjende som dyktige handtverkarar, og granatglimmerskiferen var også ypparleg å lage steinkrossar av.
Førkristen tid
Kristine Holme Gabrielsen har også prøvt å datere krossane. Ho har funne ut at nokre av dei er frå 900-talet, medan Noreg – i alle fall offisielt – ikkje var kristna før vi kom litt utpå 1000-talet. – På Vestlandet har det alltid vore god kontakt vestover, og vestlendingane var påverkna av mellom anna det kristne England lenge før Noreg vart offisielt kristna, fortel Gabrielsen.
Sjå om krossen i Korssund i Fylkesleksikon