Sjukefråveret innan pleie og omsorg er svært høgt i fleire kommunar i Sogn og Fjordane.
I Vågsøy vedgår leiinga at eit høgt sjukefråvær går utover kvaliteten.
– Eg trur det ville vere feil å svare at det ikkje gjer det. Siste kvartal har vi 11,1 prosent sjukefråvær innan pleie og omsorg i kommunen, seier kommunalsjef Jeanette Jensen.
– Strekkjer seg lengre
Og dei er ikkje åleine.
Tal NRK har henta inn viser at mange kommunar i fylket har eit sjukefråvær i denne sektoren på rundt eller over 10 prosent.
Det er for høgt, og arbeidskvardagen har truleg mykje av skulda, meiner fylkesleiar Oddgeir Lunde i Norsk sjukepleiarforbund.
- Les også:
– Det er ein arbeidssituasjon som er prega av for låg bemanning, for mange arbeidsoppgåver. Det gjer at dei strekkjer seg lengre enn dei kanskje burde.
Mange over 10 prosent
Med alle sektorar inkludert, var sjukefråveret i Norge på 6,3 prosent i siste kvartal i fjor. Her i fylket ligg mange kommunar godt over:
I Solund var fråværet nær 16 prosent i fjor.
– Det er eit altfor høgt tal, seier helse- og omsorgsleiar Åse-Iren Korneliussen.
No jobbar dei med å fordele arbeidet på fleire ved å omorganisere tenesta. Korneliussen meiner eit hardt yrke er årsaka, ikkje bemanninga.
– Solund kommune har satsa mykje på desse tenestene her, og politikarane har vore rause.
Har auka bemanninga
Fleire kommunar melder tilbake at sjukefråveret går rett veg.
– Vi har mykje fagpersonell, og vi har leiarar som er fleksible i høve til vår kvardag, seier Jorunn Landstad, som i 18 år har jobba som sjukepleiar i Gloppen kommune.
I april var sjukefråveret i Gloppen nede i 5,4 prosent. Helse- og omsorgssjef Anita Lothe seier dei har auka grunnbemanninga for å førebygge slitasje hos dei tilsette.
– Det kom som eit initiativ frå politisk leiing. Vi er blitt mykje tøffare på å tilsette i faste, store stillingar for å kunne rekruttere, for at folk skal trivast og for å få kontinuitet i arbeidet.
Må ta inn ufaglærte
Fleire kommunar peikar på at det er langtidsfråværet som dreg opp.
– Vi må leige inn ufaglærte folk, men når vi gjer det så er det færre folk på jobb som må ta eit større ansvar, og det slit på fagpersonane i lengda, seier kommunalsjef Jeanette Jensen i Vågsøy.
Jensen trur mykje av langtidsfråværet skuldast forhold utanfor jobb, men seier dei har sett i gang tiltak for å få ned fråværet.
- Les også:
– Vi tek telefonar til dei sjukmelde, og dialog- og oppfølgingsmøte. Førebyggande så har vi opplæring i bruk av hjelpemiddel for dei tilsette.