- Vi jobbar på spreng med å skaffe oss ein oversikt, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.
Nordfjord verst råka
Verst råka er Nordfjord der det verkar til at telefonsambandet er nede i heile regionen. Også i Luster og Florø vert det meldt om problem med telenettet. Grunnen er straumbrotet som gjer at sendarane til Telenor fell ut når dei ikkje har straum.
- Stasjonane har batterikapasitet på mellom 30 minuttar og åtte timar, alt etter talet på abonnentar i området, seier Amundsen.
Amundsener seier at dei ikkje får starta feilsøk før straumen er tilbake. Berre i Florø-området er fem basestasjonar ute av drift, opplyser han.
Vågsøy treng satellittelefonar
I Vågsøy kommune både naudnettet, fasttelefon-nettet og mobiltelefon-nettet nede på grunn av stormen. Der føregår all kontakt med omverda no via ein satelitttelefon ombord på fiskebåten Frøyanes. Problema går også ut over AMK-sentralen, og folk som treng naudhjelp blir bedne om å oppsøke rådhuset i Måløy sentrum.
- Kommuneleiinga sit på rådhuset. Folk kan også møte opp på brannstasjonen der det er folk. Det er også råd å kontakte heimesjukepleien om ein treng hjelp, seier, seier Andreas Rundereim ombord på Frøyanes.
Fordi telenettet er nede ber Vågsøy brannvesenen folk i området sm har satelitt-telefon om å melda seg til kommunen.