Hopp til innhold

Mange er redde for at dette hotellet frå 1800-talet kjem til å bli jamna med jorda

Arkitekturopprøret har i løpet av nokre veker fått nesten 50.000 følgjarar. Lagnaden til eit hotell i Jølster skaper heftig debatt.

Jølster Hotell på Vassenden i Sunnfjord.

JØLSTER HOTELL: Dette huset har vorte gjenstand for ein kulturkamp mellom tradisjonell og moderne arkitektur på facebooksida til Arkitekturopprøret.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ved enden av Jølstravatnet i Sunnfjord ligg ein gul sveitservilla frå 1888. Hotellet har husa alt ifrå ein festglad Nikolai Astrup til tyske soldatar under krigen.

Hotellet har også fungert som asylmottak.

Men dei siste åra har bygget stått til forfall.

No er det kjøpt av Coop Nordvest, som vil ha ein butikk på tomta. Kva som skjer med bygget og den karakteristiske fasaden er enno ikkje avklara.

– Dette er ein kulturskatt

I mellomtida har bygget vorte gjenstand for ein kulturkamp mellom tradisjonell og moderne arkitektur på sida til Arkitekturopprøret.

Berre i løpet av dei siste vekene har Arkitekturopprøret fått 44.000 følgjarar på Instagram, og revitalisert samtalen om kva som gjer eit bygg pent.

I Morgenbladet er opprøret omtala som «ein gåve til norsk arkitektur».

12. april vart opprøret ein del av debatten på Stortinget, då Sp-representant Emilie Enger Mehl spurte kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (må ikkje forvekslast med kunstnaren i fyrste avsnitt) korleis han ville «sikre den klassiske arkitekturen i framtida».

Helge Fossheim Andersen har engasjert seg for hotellet på Jølster.

– Bygget er vakkert, det har ei lang historie og er estetisk flott å sjå på. Dette er ein kulturskatt som bør takast vare på, seier han.

På facebooksida til Arkitekturopprøret skriv han at «Riksantikvaren bør vakne opp».

Jølster Hotell

LANDEMERKE: I over eit hundreår har hotellet vore eit landemerke på Vassenden.

Foto: Olai Fauske

– Folk over heile landet vert sjokkerte

Bygget frå 1888 er ikkje freda, og er heller ikkje med i nokon kulturminneplan.

Riksantikvaren har vore i kontakt med Vestland fylkeskommune om hotellet, og viser til at fylkeskommunen må uttale seg.

– Folk over heile landet vert sjokkerte over at nokon foreslår å rive kulturskattar som dette, seier David Aasen Sandved, seksjonssjef for kulturarv i Vestland fylkeskommune.

Fylkeskommunen har mandat til mellombels å frede hotellet, men har foreløpig ikkje gått til det skritt. Til å byrje med har dei bede om eit møte med Sunnfjord kommune for å høyre kva dei tenkjer.

Hotellet har vore eigd av familien Støfring.

Magne Støfring, som selde bygningen, understrekar at han håper dei eldste delane av bygget består, men gjer eit poeng av at engasjementet for bygget «i all hovudsak kjem frå folk som ikkje bur her.»

– Vi er avhengig av vekst og vi er avhengig av å leve her; det er viktigare enn bygget, seier han.

Magne Støfring foran Jølster Hotell etter salet til COOP

SELT: Magne Støfring har arbeidd lenge for å bevare hotellet som har vore i familien, no er han letta over at bygget ikkje lengre skal stå til forfall.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

– Like vemodig at det står og forfell

Rolf Kjetil Egge i Coop Nordvest presiserer at prosjektet enno er «i ei tidleg fase».

– Vi har jo nettopp kjøpt tomta og ikkje gjort nokon vurderingar utover at vi vil etablere ein butikk. Det er klart at dess fleire innspel vi får i ei tidleg fase, jo fleire ting er det mogleg å ta høgde for.

Atle Hamar er jølstring og var statssekretær i Klima- og miljødepartementet mellom 2018 og 2020.

Han er med på at salet av det gamle hotellet er vemodig, men legg til:

– Det er vel like vemodig at det står og forfell.

På innsida av Jølster Hotell

SLITE: Innsida av hotellet syner at det er lenge sidan bygget har husa dans og bryllaup på Vassenden.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK