Helge Hjelle.
Kommunen tilbyr bekymra innbyggarar å hente sandsekkar for å hindre sjøen å trenge seg inn i bygningar.
Våt rekord
- Slik det ser ut no får vi ei flod høgare enn vi nokon gong har hatt, seier brannsjef Helge Hjelle i Vågsøy kommune.
Floda er på det høgaste i 12-tida i morgon. Då er det venta at vatnet når 80 cm høgare enn det som går fram av tidevasstabellen.
Hjelle fortel at dei har ordna med 400 sandsekkar der 200 av dei er tenkt til privatpersonar som har trong for å demme opp framfor inngangsparti.
Stormflo og springflo
Grunnen til rekordfloda er at det blir stormflod i tillegg til springflod. Springfloda er stor flod som naturleg følgjer av månens bane i forhold til jorda, medan stormfloda er resultat av lågt lufttrykk og sterk vind. Hadde vinden kome frå vest eller nordvest i staden for sør, ville floda ha blitt endå større.