Maktskifte i Tysnes - INP får varaordførar
Det blir maktskifte i Tysnes kommune. Synnøve Bakke frå Arbeidarpartiet får ordførarvervet, medan Trond Borg i Industri- og næringspartiet blir varaordførar.
– Her i kommunen kunne ingen få ordførar utan oss, så då var det naturleg å gå i forhandlingar med fleire andre parti og vi inngjekk eit valteknisk samarbeid, seier Borg til NRK.
Han vil ikkje gå nærare inn på kva garantiar dei har fått for å få gjennomslag for INP sin politikk i kommunen.
INP har kome inn i 116 kommunestyre rundt om i landet.