Hopp til innhold

Mæland skal diskutere namneval

Ei av dei første oppgåvene for kommunalminister Monica Mæland (H), vert å diskutere namnet Vestlandet på den nye regionen beståande av Sogn og Fjordane og Hordaland. Fredag skal fylkesordførarane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland til Oslo for å diskutere namnet, som har vore omstridd. – Det er ingen hemmelegheit at eg ikkje har gått i noko tog for ei regionreform. Men dette skal gjennomførast på best mogleg måte, seier Mæland til BA.

Høyres landsmøte.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix