Hopp til innhold

Tunnelen ferdig i to månader – men folk må vente på godkjenning

Tunnelen er ferdig, men ingen får køyre han. Vegstyresmaktene treng to månader på å vere sikre på at alt verkar.

Blaksettunnelen i Stryn

KLART: Blaksettunnelen slik den såg ut i fjor haust.

Foto: Statens Vegvesen

Trafikantane har gleda seg til å køyre den splitter nye tunnelen til 268 millionar kroner.

Den skal gjere at ein unngår dei gamle smale tunnelane på den kronglete fylkesveg 5742 ved Blakset i Stryn kommune.

Men i vekevis har trafikantane måtte køyre forbi den ferdige tunnelen, og slik blir det i to månader. Til samanlikning tok det seks månader å drive ut sjølve tunnelen.

Denne veka enda det i trafikkaos då tungtrafikken tok av i samband med asfalteringsarbeid elles i området.

– Når det står ein ferdig tunnel ved sidan av så blir det rett og slett for dumt, seier Rolf Løviknes.

Han måtte sjølv rygge eit stort vogntog fleire gonger gjennom dei smale gamle tunnelane, til tronge møteplassar på kanten av stupet rett ned i Nordfjorden.

Den gamle Blaksettunnelen

GAMLETUNNELEN: Desse tunnelane skal trafikantane snart sleppe.

Foto: Statens vegvesen

– Det var totalt trafikkaos, og det skulle vere heilt unødvendig, seier han.

Skjønar det verkar merkeleg

– Eg forstår frustrasjonen, men dette er ikkje gjort på ein-to-tre, forklarar prosjektleiar Jon Harald Huseklepp.

Det er dokumentasjon på at alt verkar som tek tid. Krava til tunneltryggleik blir stadig strengare.

Verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen i Sogn, må vere nattestengt i fire år framover for å tilfredsstille nye krav.

Arbeidet kan koste opp til 2,5 milliardar kroner, langt meir enn det kosta å bygge den.

Om alle testar og godkjenningar går gjennom utan manglar, kan Blaksettunnelen, som er 1230 meter lang, vere ferdig godkjent i midten av juli.

Men om ikkje alle papir er på plass kan opninga dryge til ut august.

Reaksjonane har ikkje venta på seg. Denne veka sende Vestland fylkeskommune ut ei pressemelding for å forklare seg. For lista er lang over alt som må gjerast.

Blaksettunnelen

HØGT: Tunnelen skal erstatte den gamle knapt synlege vegen høgt over Nordfjorden. I tillegg er det utbetra 2 kilometer eksisterande veg.

Foto: Statens Vegvesen

Må gjennomføre «stilletest»

Fyrst måtte Vestland fylkeskommune ha sin gjennomgang. Utstyr skal gjennom ei omfattande sjekkliste, og all dokumentasjon skal vere riktig.

Deretter er det tid for den såkalla «stilletesten». Då skal Vegtrafikksentralen sjekke at styringssystema fungerer. Dette tek to til tre veker, og det skal ikkje vere trafikk som forstyrrar testane.

Så er det klart for siste punkt på vegen – sikkerheitsgodkjenning i Vegdirektoratet. Dei skal kvalitetssikre heile tunnelen.

Fram til då er det berre naudetatar som kan bruke vegen. Anleggsarbeid som til dømes asfaltering i området er ikkje grunn god nok.

– Eg veit at publikum synest dette ser rart ut, men dette er ikkje noko som vi finn på, det er statlege krav som går på liv og helse, seier Huseklepp.

Lastebilsjåfør: Fryktar ulykker

Men Rolf Løviknes er overraska over at ting ikkje er meir effektivt.

– Turisttrafikken er alt byrja å kome, og med bubilar blir det fort det glade kaos. For ikkje å snakke om det skulle byrje å brenne i dei gamle tunnelane, vi får håpe at tunnelen opnar så raskt som råd.

NORDFJORD: Blaksettunnelen ligg i Stryn kommune i Vestland fylke