Kvinner må vente opptil åtte veker på mammografiundersøking i Førde

Det er lang ventetid på å få kome til mammografiundersøking ved Førde sentralsjukehus.

Mammografi

LANG VENTETID: Kvinner må vente opp mot åtte veker på å få mammografi.

Foto: Illustrasjon: François Destoc/Colourbox.com / PHOTOPQR/LE TELEGRAMME

Kvinner må vente opp mot åtte veker på å bli undersøkte. Helse Førde seier at dei som treng rask hjelp får det, men Brystkreftforeningen meiner at to månader ventetid uansett er for lenge.

Eva Michelsen Ekroll

- UMENNESKELEG Å VENTE: Dagleg leiar Eva Michelsen Ekroll i Brystkreftforeningen.

Foto: Steffen Aaland

Dagleg leiar Eva Michelsen Ekroll i Brystkreftforeningen er kritisk til at somme pasientar må vente lenge på mammografiundersøking ved sjukehuset i Førde.

– Det er umenneskeleg for dei som går og ventar på ein slik time, men eg trur det og er viktig for å få avklart om du har behov for vidare utgreiing og kanskje få starte med behandling. Det er viktig med ei rask avklaring.

I dag finst det statlege retningslinjer som seier at pasientar med såkalla begrunna risiko for brystkreft skal inn til mammografi innan ti dagar. Ekroll meiner regelen bør gjelde for alle som vert sende til mammografi.

– Ikkje lett for fastlegen å avgjere

Brystkreft er i dag den hyppigaste dødsårsaka for kvinner under 65 år i Norge. Kvinner med påvist kul i brystet får i dag rask behandling i Helse Førde. Men brystkreftforeningen er bekymra for dei pasientane der fastlegen ikkje finn kul, men som likevel får tilvising til mammografi fordi fastlegen vil utelukke brystkreft. For desse kvinnene kan ventetida vere opptil åtte veker.

– For ein fastlege er det nok ikkje lett å avgjere om dette er aggressiv brystkreft eller ikkje, og vi er opptekne av at det skal vere ei felles tilvising slik at ein lettare kan plukke ut dei det hastar med. Men det er dessverre ikkje ei slik felles tilvising i Norge i dag, seier Eva Michelsen Ekroll.

Sveinung Bjørkedal

- MÅ PRIORITERE: Avdeliingssjef Sveinung Bjørkedal ved Radiologisk avdeling i Helse Førde.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Ofte mangelfulle tilvisingar

Avdelingssjef Sveinung Bjørkedal ved Radiologisk avdeling i Helse Førde stadfestar at pasientar med lågare prioritet må vente lenge på mammografi i Helse Førde.

– Dei som ventar lengre enn ti dagar på diagnostikk er pasientar som ut frå vurderingar ikkje har same grad av hast. Det kan vere pasientar som ynskjer undersøking sjølv, utan at legen har funne teikn på sjukdom, og det kan vere pasientar der det er snakk om arv i familien.

Bjørkedal er samd med Brystkreftforeningen i at tilvisingane frå fastlegane ofte ikkje er gode nok. Han seier at presise tilvisingar er heilt avgjerande for å kunne bestemme kva pasientar som treng hjelp raskt.

– Vi er nøydde til å gjere prioriteringar, og difor er vi veldig avhengige av at vi får gode tilvisingar frå legane, med best mogelege opplsyingar. Det forenklar jobben med å prioritere. Dessverre er det ofte slik at tilvisingane er tynne og mangelfulle.

Jan Helge Dale

- HELSE FØRDE MÅ RETTLEIE LEGANE: Fastlege Jan Helge Dale i Flora.

Foto: NRK

– Har ikkje fått tilbakemelding

Kommunelege Jan Helge Dale i Flora seier at Helse Førde har eit ansvar for å rettleie fastlegane dersom tilvisingane ikkje er gode nok.

– Eg er heilt sikker på at fastlegane kan skrive betre tilvisingar, men spørsmålet er kva som kan få dei til å skrive betre tilvisingar. Dersom Helse Førde meiner det blir skrive for dårlege tilvisingar må dei melde det tilbake til fastlegane. Eg har iallfall ikkje fått slike tilbakemeldingar.

Oslo Universitetssjukehus føredøme

Trass i at ventetida for enkelte er lang, meiner Sveniung Bjørkedal at tilbodet som vert gitt i dag er akseptabelt.

– Ideelt sett skulle det vore slik at vi kunne ha undersøkt absolutt alle innan t.d. ei veke. Men slik er ikkje situasjonen, vi er nøydde til å prioritere kvar einaste tilvising som kjem inn. Opp mot andre viktige ting i avdelinga kan eg ikkje seie at eg kjenner meg ubekvem med situasjonen som er på mammografi.

Men Eva Michelsen Ekroll i brystkreftforeningen trur det er mogleg å redusere ventetida for alle mammografipasientar. Ho trekkjer fram Oslo Universitetssjukehus som eit føredøme.

– Dei har greidd å redusere ventetida med 90 prosent. Dei har gått frå 12 veker til at dei no kan ta inn innan 48 timar. Det er heilt eksemplarisk.