Hopp til innhold

Ein av fire droppar brystkreftsjekk

Ei av fire kvinner i Norge som får tilbod om mammografi-undersøking, møter ikkje opp.

Inger Marie Juel
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Overlege Inger-Marie Juel er uroa, ho ser at liv som kunne vert berga går tapt.

- Det er ein del kvinner som ikkje kjem til undersøkjing som viser seg å ha kreft, så vi er uroa for dei som vegrar seg for å komme, seier ho.

Gruer seg

Mange kvinner gruar seg for å møte opp til brystkreftundersøking; alle kvinner mellom 50 og 69 år får tilbod om å møte til mammografi, men kvar fjerde kvinne let vere.

Inger-Marie Juel er seksjonsoverlege ved brystdiagnostisk senter på sentralsjukehuset i Førde. Ho seier til Firda at årsaka kan vere frykt for å få ein alvorleg beskjed

- Det er vel ei ganske naturleg psykologisk vegring fordi ein kjenner noko. Kvinnene prøver å fortrenge fordi dei ikkje lyst til å få kreftdiagnosen, seier ho.

Handlar om livet

For dei som ikkje møter til mammografi kan det handle om livet, sjansen for å bli frisk av brystkreft heng saman med korvidt kreften blir oppdaga tidleg.

- Konsekvensen er sjølvsagt alvorleg. Vi veit at når brystkreft blir behandla på eit tidleg stadium så er prognosane veldig gode, seier ho

Inger-Marie Juel oppfordrar no dei kvinnene som er redde for å møte til mammografi om å ta kontakt.

Kjellaug Grimsbø
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

- Møt opp til mammografi

Tidlegare brystkreftsjuke Kjellaug Grimsbø er ei av fleire som no rettar ei sterk oppmoding til kvinnene om å møte opp til mammografiundersøking når dei vert kalla inn.

Grimsbø har sjølv erfart kor viktig det er å oppdage sjukdomen tidleg for å bli frisk. Ho er i tvil om ho hadde vore frisk i dag om ho ikkje hadde møtt opp til rutinekontroll for to år sidan.

- Eg tykkjer det er veldig synd at mange kvinner ikkje møter opp. Eg kan forstå at mange er redde, men det er helsa det handlar om, seier ho.