Hopp til innhold

Må tømme mjølka i gjødselkjellaren

Den stengde vegen etter raset i Askvoll får store konsekvensar for mjølkebonde Bjarte Loftheim: No går mjølkeproduksjonen rett i gjødselkjellaren.

Steinutgliding i Askvoll.

SPERRAR VEGEN: Dette raset sperrar mjølkebonde Bjarte Loftheim inne. No får han ikkje levert mjølka si som planlagd.

Foto: Åge Avedal

- Det er trasig. Vi kjem jo ikkje forbi, og slik eg forstår det kjem entreprenøren for å opne vegen først på onsdag, seier Bjarte Loftheim.

Han er mjølkebonde på Loftheim i Askvoll, og er mellom dei ti personane som er råka av av steinraset som gjekk måndag morgon.

1200 liter mjølk forgjeves

Ifølgje bt.no gjekk raset 300 meter frå huset hans. No stenger digre steinar vegen og tilgangen til resten av verda.

- Eg reknar med at omlag 40 tonn har rast ut, seier Loftheim.

Det store problemet er at isolasjonen går utover gardsdrifta. Måndag skulle Loftheim levere 1200 liter mjølk - men det kan han berre gløyme.

Etter tre døgn kan mjølka ikkje lenger brukast, og no må han i staden tømme ut heile produksjonen.

Saka held fram under kartet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Prøver å tenkje positivt

- Produksjonen har vore forgjeves, og det er sjølvsagt trasig. Dessutan er kona dyrlege, og ho må no leige bil dersom ho skal drive praksisen, seier han.

Han legg til:

- Men vi må prøve å tenkje positivt. Ikkje minst håpar vi no at sikringa av vegen skal bli gjort skikkeleg, seier Loftheim.

- Kommunen veit om sprekkane

Ifølgje mjølkebonden i Askvoll er det nemleg ein god del stein som framleis kan rase ut på staden: Opp mot 500 tonn ventar berre på å skli ut.

- Eg har følgt med denne bergveggen lenge no, og sprekkane berre veks. For nokre månader sidan gav eg beskjed om at kommunene måtte sjå på det - så dei veit om problema, seier Loftheim.

I 1997 skal ein geolog ha vore på staden.

- Eg håpar det blir trygt å bu her no. Eg skal iallfall stå på for at jobben på staden ikkje skal bli halvgjort, seier bonden.