Hopp til innhold

Kommunal veg stengd i Askvoll

Vegen til Loftheim i Askvoll blir stengd i to-tre dagar, etter at store mengder stein rasa ut i vegbana måndag.

Steinutgliding i Askvoll.

Vegen til Loftheim i Askvoll er stengd etter at store mengder stein glei ut og ned i vegbana.

Foto: Åge Avedal

Steinane ligg utover vegen, og dei om lag ti personane som bur i området må gå til fots for å kome seg fram.

- Det er ikkje å rå til å opphalde seg rett under raset. Vi har skilta slik at det ikkje skal vere tilkomst. No må vegfarande gå forbi på gamlevegen. Der er det ikkje køyrbart, fortel Åge Guddal i teknisk etat.

Store mengder

Ein geolog skal i løpet av tysdag vurdere rasområdet.

Ifølgje Åge Guddal vil vegen forbli stengd i to-tre dagar.

- Det har vore ein del steinutgliding. Ein del stein sperrar vegen. Det er vel tale om tre-fire billass i mengde, fortel han.