Må bygge opp igjen tilliten etter Ap si vingling
Lokale Ap-politikarar er letta og glade etter det i dag vart kjent at regjeringa snur om gratis ferjer og sletting av studiegjeld i distrikta.
– Det er særdeles gledeleg, seier Torgeir Næss, ordførar i Kvam herad og leiar for Vestland Arbeidarparti.
Vestland Arbeidarparti har gitt partileiinga klare signal om at det vart opplevd som eit tillitsbrot då dei kutta begge lovnadane frå statsbudsjettet førre veke.
Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane i Ap, Torbjørn Vereide, seier det har vore ei kjensleladd veke.
– Eg har fått folk på telefonen som har vore sinte på meg.
No er Vereide glad for at ein kan vere ueinig med leiaren sin og få gjennomslag.
– Eg er vald frå Sogn og Fjordane for å kjempe for sakene oppover i systemet. Det har vi fått til no.
Men både Vereide og Næss trur tilliten frå veljarane har fått seg ein knekk.
– Tilliten før snuoperasjonen har nok vore fallande. Der har vi ein jobb med å bygge den opp igjen, og det meiner eg vi skal klare, seier Næss.