Ved BIRs returpunkt i og kring Bergen kan ein levere avfallet som ikkje blir henta ved private bustadar. Men å bli kvitt plasten sin blir stadig vanskelegare.
KAN BLI FJERNA: BIR varslar at dei kan komme til å dra inn enno fleire plastcontainerar, og har hengt opp plakatar på fleire av returpunkta i Bergen.
Foto: BIRDei siste to åra har BIR fjerna nesten ein av fem plastcontainerar, og fleire kan forsvinne. Årsaka er at folk kastar restavfall og søppel i plastcontainerane.
– Her er gamle sko, q-tips, til og med nokre elektriske varer ligg nedi her, seier kommunikasjonssjef i BIR Mette Nygård Havre, og syner fram noko av søppelet folk kastar i konteinarar for plastgjennvinning.
På grunn av feilsorteringa risikerer no enno fleire å miste moglegheita til å levere plast.
– Fleire containerane står i fare for å bli trekt inn, fordi det er så mykje feilsortering, seier Nygård Havre.
LES OGSÅ:
– Utruleg trist at det ikkje fungerer
– FREKT: Det er nok av andre moglegheiter til å kvitte seg med restavfall. Ein treng ikkje å øydeleggje for alle andre, seier bystyrerepresentant i Bergen, Sondre Båtstrand (MDG).
Bystyrepolitikar for Miljøpartiet de Grønne, Sondre Båtstrand, meiner det er direkte frekt av dei som misbrukar plastsorteringa.
– Det er utruleg trist at returpunkt ikkje kan fungere. Det er nok av andre moglegheiter til å kvitte seg med restavfall. Ein treng ikkje å øydeleggje for alle andre.
Miljøpartiet de Grønne meiner BIR bør gå over til å hente plasten som folk sorterar heime, også i Bergen sentrum, der det stort sett er plastkonteinarar i dag.
– Ein har henteordningar utanfor sentrum, og det er godt mogleg at me må få innført dette i sentrum også, seier Båtstrand.
Meiner bossnettet blir løysinga
Men i Bergen sentrum er det ikkje mogeleg å hente plasten hos alle, meiner BIR.
– Det er tronge smau, og rett og slett ikkje plass til at alle dei som har eige restavfallsspann i tillegg skal ha eige spann for papir og moglegheit til å setje ut plastsekk, seier Mette Nygård Havre i BIR.
FJERNAR CONTAINERANE: BiR har merka plastcontaineren i Marken i Bergen med åtvaring om at den kan bli fjerna. Like etter fekk containeren ein ny melding, denne gongen frå naboar som ber fint om å få halde på moglegheita til å levere plast.
Foto: BIR– Brannvesenet er også redd for brannfaren i alle dei tronge smaua der det står bosspann. Det er heller ikkje noko ønske frå dei at det skal komme ut fleire spann i sentrum.
Ho meiner løysinga på problemet kan bli det nye bossnettet i Bergen som skal gå i rør under jorda. Då kan folk kaste plastemballasje i same nedkast som papir, så sorterast det kvar for seg i etterkant.
– Bosspanna skal heilt vekk i åra som kjem. Alt no i slutten av 2015 blir bossnettet opna, og då kan fyrst dei som bur på Nøstet kvitte seg heilt med behaldarane sine.
Bossnettet skal vere fullt utbygd i 2030.