Hopp til innhold

Må betale millionerstatning

Bygstad-firma svært overraska over millionerstatning.

Les og: Millionerstatning til Crocs

- Dette er heilt vilt. Det er kroken på døra i mine auge. No tek eg kanskje i litt, men det er klart at det får konsekvensar for eit så lite firma som oss, seier Per Egil Pedersen – ein av tre tilsette i Dagaz Nordic AS.

- Eg fattar ikkje at dei kunne vinne denne saka. Crocs har hatt fleire andre søksmål rundt om i verda. Dei har tapt andre saker og me trudde dei ville danne presedens, seier Pedersen.

Mange andre modellar

Dagaz Nordic har også fått forbod mot å omsetje to av skomodellane dei har importert, men han trur ikkje det vil få dei heilt store konsekvensane.

- Der finst bortimot hundre modellar som er nesten heilt like, vi har fått forbod på to modellar så det skal nok gå bra, seier han.

Pedersen fortel at det er vanskeleg å seie noko om kva som skjer med selskapet vidare. Ein ting er han likevel trygg på.

- Denne dommen blir anka. Det er heilt sikkert.