Hopp til innhold

Må avlyse rypejakta i mangel på fugl

På Vestlandet er det no så lite ryper i fjellet at jakta er stogga i store område. Også andre stader i Sør-Noreg er det færre fugl enn før.

Fjellrype i Lofotodden Nasjonalpark

SMÅ KULL: Små kull og dårleg vêr gav eit dårleg år for rypene i Årdal. No får dei ein ny sjanse neste vår.

Foto: Benjamin Fredriksen / Benjamin Fredriksen

– I år var det ikkje noko val rett og slett, me var berre nøydde å avlyse, seier Vidar Moen.

I om lag 40 år har Moen jakta i Årdalsfjella og sett rypebestand i gode og dårlege tider. Men jamt over er det mindre fugl i år enn tidlegare.

Dårleg vêr under klekkinga har gitt små rypekull og skrale oppvekstkår for rypene i området. For å gje rypestammen ein sjanse til å bli sterkare til våren har dei avlyst jakta.

– Det ville vore heilt feil for oss å fortsette jakta no.

Var raudlista

I 2015 var både fjellrypa og lirypa ein kort tur innom raudlista med status som «Nær trua» før bestanden tok seg opp og blei friskmeld i artsdatabanken.

Og kvart år vert norske fjell saumfare i søken etter fugl for å sjå kor mykje som er i fjellet. Årleg legg Norges Fjellstyresamband ut «Ryperapporten» som tek temperaturen på norsk rypeterreng.

Slik kan lokale grunneigarar og fjellstyrene planlegge om det kan takast ut fugl i jakta.

Totalt blei det felt nær 160 tusen ryper under førre jaktsesong, årets teljing viser tilbakegang i store område over heile Sør-Noreg.

I fjellområda i Gudbrandsdalen er det funne lite fugl, mellom anna i Fron der det berre blei sett 32 fuglar. På Hardangervidda har Eidfjord fjellstyre stogga salet av jaktkort i håp om betring neste sesong.

– På Vestlandet i år er det diverre veldig dårleg, seier Espen Farstad, informasjonssjef i Noregs jeger- og fiskeforbund.

Ryper

NY SJANSE: – Fleire av forvaltarane har stengt ned jakta, og det er eigentleg bra, fortel Farstad.

Foto: Sirdalsmedia.no

Auke i Nord-Noreg

Men at det er store variasjonar kan Erlend Nilsen, seniorforskar ved NINA stadfeste.

– No er det ikkje slik at freding eit år nødvendigvis betyr at bestanden eksploderer og vert kjempestor, men ved låg bestand er det all grunn til å vere restriktiv med jakta.

I Nord-Noreg og spesielt Troms og Finnmark har det vore ei auke frå dei siste år. I Midt-Noreg har det vore omtrent likt som tidlegare år og i Sør-Noreg har det blitt færre fugl dei siste åra, fortel forskaren.

– Det er grunn til å passe på når ein tenker på lengre sikt, seier Nilsen.

Rypene treng gode hekkeforhold og godt vêr under klekkinga, i tillegg bør det vere mykje smågnagarar i fjellet som rovdyr kan leve av i staden for rypekyllingar.

Folkejakta

– Rypejakta er rekna som sjølve folkejakta i Noreg, og då er det viktig at vi forvaltar rypene på riktig måte. Her er vi på god veg, seier Farstad.

Årleg trekk tusenvis av jegerar til fjellet for å jakte småvilt fortel Torgeir Lande, rådgivar i Norges Fjellstyresamband.

– På eit normalår sel vil om lag 25.000 småviltkort, seier Lande

Men det er for tidleg å seie korleis årets sesong blir for jakta.

– Dei fleste område er det litt mindre fugl enn i fjor, syner resultatet frå teljinga.

Vårbilder
Foto: Jonny Ekholm