Hopp til innhold

I kveld får Vreid oppfylt draumen

– Det er berre å trakke til. Det er framleis litt att av meg, gliser Oddvar Torsheim. Før han i kveld oppfyller draumen til rockarane i Vreid.

Vreid med Oddvar Torsheim og Sigrid Moldestad.

HARDTSLÅANDE: Så hardt som under Julelutt i kveld, har ingen høyrt Oddvar Torsheim før. Her saman med Vreid og Sigrid Moldestad.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

For det blir ein Oddvar Torsheim, meir rocka og «svartare» enn nokosinne, som står på scena under kveldens Julelutt i Trivselshagen på Sandane.

To låtar skal han framføre saman med black metal-bandet Vreid frå Sogndal.

– Vi har øvd inn to songar, «Eg og meg og Mona» og «Nynorskens skog». Det gjekk veldig fint på prøvane. Det var berre å trakke til. Det var hardt, men så er Vreid profesjonelle og kan dette, seier Torsheim.

Fast reisefølgje

– Eg trur dette blir morosamt, gliser bassist Jarle Kvåle i Vreid. Han fortel at bandmedlemene får oppfylt draumen sin når dei i kveld entrar scena saman med multikunstnaren Torsheim og Sigrid Moldestad.

– Oddvar Torsheim er ein av våre favorittkunstnarar. Han er ekte. Kunsten hans er utruleg bra, og det er vel ikkje å legge skjul på at musikken hans er blitt vårt faste reisefølgje når vi er ute på turar, held han fram.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vreid med Oddvar Torsheim og Sigrid Moldestad.

HARDTSLÅANDE: Så hardt som under Julelutt i kveld, har ingen høyrt Oddvar Torsheim før. Her saman med Vreid og Sigrid Moldestad.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Hoppa rett i det

– I vårt syn, så er han den fremste som har kome frå Sogn og Fjordane, held Kvåle fram og fortel at dei har prøvd å halde grunnstrukturen i låtane. Sjølvsagt litt meir tileigna deira eigen spelemåte og lydbilete.

– Det kjem nok til å låte ganske annleis enn det folk er vande med. Vi var spente på om Oddvar ville kjenne att låtane i dag, men han hoppa rett i det og det sat med ein gong.

Mange godbitar

Det noko spesielle, og hardtslåande samarbeidet, er berre eitt av fleire høgdepunkt både publikum og sjåarar på nett-TV vil få oppleve frå Sandane.

I tillegg utdeling av Luttprisen, Årets artist i Sogn og Fjordane, blir mellom andre Odd-Erik Lothe, Line Dybedal Vederhus, Mellow Marsh og Steinar Karlsen å finne på scena.

– Den mest ultimate låta å spele med Oddvar, hadde vore Galningen. Men den er så bra, at den vågar vi ikkje gjere noko med. Så no blir det berre å nyte kvelden, avsluttar Kvåle.

Oddvar Torsheim og Sigrid Moldestad på scena med Vreid.

ØVING: Oddvar Torsheim og Sigrid Moldestad øver på scena med Vreid.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK