Hopp til innhold

Lustringen håpar privatlaget han starta tek like mange olympiske medaljar som Norge

Rolf Hauge spelte sjølv fotball og hoppa på ski. No er lustringen ein suksessfull forretningsmann og investor som håpar på ei lang rekkje OL-medaljar – spesielt til utanlandske skøyteløparar.

Rolf Hauge

INVESTOR: Rolf Hauge har hatt data som fagområde over 40 år. No står han bak programvarehuset Commercial Banking Application i Oslo.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

For med berre nokre veker att til dei 22. olympiske leikar brakar laus i Sotsji, er lustringen spent på kor mange OL-medaljar skøytelaget Team CBA sankar.

Laget er sponsa av programvarehuset Commercial Banking Application. Og bak dette selskapet, står lustringen Rolf Hauge.

– Vi har sju-åtte internasjonale skøyteløparar på laget. Tre-fire av desse skal til OL og tre av dei har sjanse på medaljar. Får vi ei medalje, så er det flott. Får vi to, så er vi veldig tilfreds. Får vi like mange som Norge, så er det bra, seier Hauge.

Slektar frå Hafslo

For å få med heile historia, må vi skru tida nokre år tilbake. Til tida der søskenparet Håvard og Hege Bøkko var unge og lovande skøyteløparar.

Fotografi hos Rolf Hauge

PREGAR: Fotografi frå trivselsfylket pregar både korridorar og kontora til CBA.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Gjennom ein kjenning fekk Hauge nyss om at mor til søskenparet var frå Hafslo og dotter til ein av hans næraste naboar.

– Eg veit kor mykje det kostar å drive toppidrett. Når CBA går ganske godt og har god økonomi, så ville eg hjelpe dei. Opplegget til skøyteforbundet viste seg å vere ganske amatørmessig og det enda med at eg sponsa begge, fortel Hauge.

Ville hjelpe Mueller

Så kom den mykje omtala «Peter Mueller»-saka. Amerikanaren var trenar for det norske skøytelandslaget og fekk i 2009 sparken for å ha kome med grove uttalar mot skøyteløparen Maren Haugli under ein middag .

Peter Mueller

TRENAR: Peter Mueller vart omstridd som norsk landslagstrenar, men styrer CBA-laget med stødig hand.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Noko trenaren sjølv nekta for.

– Eg sette meg godt inn i saka, og då eg oppdaga feilbehandling av Mueller, så ville eg hjelpe han, fortel Hauge.

LES OGSÅ: Tror ikke noen domstol vil behandle CBAs skøytekonflikt

Dermed såg det private skøytelaget dagens lys . Først med to blad Bøkko, men desse var tilbake på det norske landslaget etter kort tid.

Sjølverklært sportsidiot

Men det er ikkje berre CBA-laget Hauge er inne som investor. Programvarehuset har kring 30 tilsette i Oslo og fleire partnarar kring om i verda. Dei omset for kring 50 millionar kroner i året, og har eit overskot på 15–20 millionar kroner.

For ein sjølverklært sportsidiot vart det dermed nærliggande å gje noko av overskotet til idretten.

– Når vi får så store overskot, så kan vi ikkje gje alt til Staten. Vi må kunne bruke litt på ting som er interessante for oss. Og då er det sport og idrett, smiler Hauge.

– Har ei plikt til å hjelpe

Lustringen likar ikkje å skryte av det, men fortel det er fleire utøvarar som har fått det lettare på si idrettssatsing etter å ha fått støtte frå programvarehuset.

Mellom andre langrennsbrørne, og talenta, Thomas og Hallvard Sørheim Evjestad frå Gaupne.

– Eg har sett at det er nokre gode talent i Sogn som har godt av å komme seg ut. Det er først og fremst Evjestad-gutane, men også skihopparar og andre. For dei som har moglegheit til det, så føler eg det er ei plikt å hjelpe, avsluttar den tidlegare skihopparen og fotballspelaren.