Har lite tru på store gjerder framfor breen

Det vil stride mot norsk tradisjon å setje opp store gjerde ved attraksjonar som Nigardsbreen, for å halde folk borte frå farane. Det meiner fylkesmiljøvernsjef i Sogn og Fjordane som får støtte frå DNT.

Skilt ved Nigardsbreen

SPERRING: Dette er stengselet og åtvaringa som skal halde turistane borte frå den farlege breporten på Nigardsbreen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Debatten om kor vidt dei populære brearmane er godt nok sikra har blussa opp att, etter at eit tysk par omkom ved Nigardsbreen i Luster søndag.

Etter eit møte måndag ettermiddag konkluderer politi og kommune at sikringa framfor Nigardsbreen i Jostedal er tilstrekkeleg.

Uavhengig av møtet som vart halde i Luster, meiner fleire NRK.no har snakka at det vil vere nærmast urealistisk å fysisk hindre folk som verkeleg vil, frå å ta seg fram til fronten av breen.

Har ikkje ønskt store fysiske sperrer

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal

IKKJE TRADISJON: Ein brukar ikkje å sperre av farlege område i norsk natur, påpeiker fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.

Foto: NRK

– Det er klart dette er ei veldig tragisk ulykke, samstundes er det slik i Norsk natur at vi har ein tradisjon for å ikkje sperre av alle farlege område, seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Han viser til at det ved Nigardsbreen i ei årrekkje vore diaog mellom politi, breførarmiljøet, Fylkesmannen og kommunane om kva tiltak som er rett å ha. Løysinga har så langt vore å setje opp informasjonsskilt om farane og sperreband som viser kva område som er farlege, og kva område som er greie å besøke for publikum.

– Dette er ein diskusjon som har gått over mange år. Ein har heile tida konkludert med at det ikkje er ønskjeleg å setje opp totalt fysiske sperrer. Både fordi dette ikkje er estetisk ønskjeleg, og fordi vi har ein tradisjon i norsk natur at vi ikkje skal sperre totalt for attraksjonane. I tillegg vil det vere ei praktisk utfordring, sidan brefronten kan bevege seg mange titals meter fram og tilbake. Då må desse installasjonane i så fall endrast kvart år, trur Yndesdal.

(Artikkelen held fram under videoen)

Nokre enkle snorer og skilt skal halde publikum på trygg avstand frå fronten av Nigardsbreen i Jostedalen. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK

SJÅ VIDEO: Fleire av skilta som skal åtvare turistane om farane, låg måndag kvelva ved Nigardsbreen. Skilta som blir kontrollerte to gonger i veka, har truleg blåst over ende under uvêret 'Lena' sine herjingar i helga. Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Turlaget: – Må bruke sunn fornuft

Også Sogn og Fjordane Turlag ønskjer å halde fast ved denne tradisjonen.

Marino Ask

VIL HA OPEN NATUR: Turlagsleiar Marino Ask i DNT meiner ikkje kan sikre alle turistattraksjonar. Ask manar folk til å bruke sunn fornuft.

Foto: Marino Ask

– Eg trur norsk natur skal få vere tilgjengeleg utan hinder for folk. Vi har ein lang friluftslivstradisjon i Norge. Folk brukar naturen på ein varsam måte Ein må informere godt. Der det er sett opp gjerde og skilt, slik som ved Nigardsbreen, må ein forvente at det blir til følge, seier turlagsleiar Marino Ask.

Han legg til at ein sjølvsagt må vurdere om dagens sikring av breporten ved Nigardsbreen er tilstrekkeleg. Turlagsleiaren trur likevel ikkje at det er realistisk å skulle verne attraksjonane mot alle tenkelege ulykker.

– Vi ser også at folk går for langt ut ved fossefall, og blir tekne av elva. Folk må bruke sunn fornuft. Ikkje minst skal ein vere obs på når høg temperatur gir stor avsmelting, seier Ask.

Ein problem-bre

Hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vurderer fylkesmiljøvernsjefen likevel Nigardsbreen som den mest problematiske blant brearmane i Sogn og Fjordane, med tanke på tryggleik.

– Det er nok Nigardsbreen som er den mest kritiske, både med fare for kalving i fronten, og at det er så enormt mange turistar som besøker den. Det er til dømes ikkje like enkelt å komme opp til Briksdalsbreen, slik den ligg i dag, seier Yndesdal.

Mens Fylkesmannen si miljøvernavdeling tidlegare hadde forvaltningsansvar for naturreservat som Nigardsbreen, er det i dag kommunen, med midlar frå staten, som har ansvaret for sikringa av attraksjonen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Turistar tek bilete ved breporten på Nigardsbreen

TURISTMAGNET: Meir enn 50.000 menneske vitjar kvart år Nigardsbreen i Jostedalen. Breen er ein av mange sidearmar av Jostedalsbreen.

Foto: Vidar Havellen

Breførar: – Mange respekterer ikkje sperringane

Truleg er det berre flaks som har hindra fleire vågale turistar å blitt skadde ved Nigardsbreen.

– Vi ser altfor ofte at folk ikkje respekterer tausperringane og informasjonsskilta som er sett opp i området. Sona ein ikkje bør gå inn i framfor breen er tydeleg merkt. Vi ser likevel at folk kryssar sperringane og går heilt innunder isen, seier Steinar Bruheim.

Steinar Bruheim

SER MANGE: Steinar Bruheim i Jostedalen breførarlag ser stadig turistar som tek seg forbi sperringane. Han trur likevel at meir informasjon, ikkje gjerde er det som må til.

Foto: Jostedalen Breførarlag

Han er dagleg leiar i Jostedalen Breførarlag. Dei som arrangerte turen den tyske familien hadde deltatt på oppe på breen, før dei etter enda tur på eiga hand tok seg fram til fronten av breen – som fatalt kalva.

Bruheim seier dei alltid åtvarar alltid folk mot å gå inn i breporten, men vedgår at det er eit stort problem at mange går forbi sperringane. Større fysiske sperrer har han likevel ikkje stor tru på.

– Det er godt mogleg ein kan. Ein må setje seg ned og sjå på kva ytterlegare tiltak ein kan gjere i området, men det er avgrensa kva ein kan gjere av fysiske inngrep i området rundt Nigardsbreen. Eg vil tru at brei informasjon og opplysning blir det viktigaste, seier breføraren.

Det er ei drøfting Fylkesmannen si miljøvernavdeling gjerne tek del i.

– Vi vil gjerne bidra viss Luster kommune som forvaltningsstyresmakt ønskjer dialog. Vi har lang tradisjon og har tidlegare vore forvaltningsmyndigheit og stiller gjerne opp med vår kompetanse på dette området, seier Nils Erling Yndesdal.

Når NRK.no var oppe til Nigardsbreen måndag, låg fleire av skilta som skal åtvare turistar flate. NRK får opplyst at skilta blir kontrollerte to gonger i veka, og at det truleg er den sterke vinden under uvêret «Lena» natt til søndag som har rive skilta over ende.