Fjaler kommunestyre brukte ikkje lang tid på å kome fram til eit vedtak som tek omsyn til både den nye designbedrifta og den tradisjonsrike skofabrikken Dale Sko. Ralston og Bau som står bak Transplant, får kjøpa hallen som Dale sko er i no, for 350.000 kroner. Dale sko skal ut av lokala til 1. oktober 2005 og får då leige lokale i ein annan hall like ved.
No skal eit utval frå kommunen forhandle med Dale sko om vilkåra. Ordførar Arve Helle trur det skal bli ei ordning alle partane blir nøgde med.
Kostnadsfritt
Dagleg leiar Olav Hjelmås i Dale sko trur også på ei løysing skofabrikken kan leve med, sjølv om detaljane enno ikkje er på plass. Det viktigaste vilkåret for skofabrikken er at flyttinga kan skje utan kostnad for bedrifta.
I første omgang ville ikkje Dale Sko gje slepp på lokala dei har i Jarl Industribygg, og det har vekt sterke kjensler i Fjaler at ei ny og moderne designbedrift skulle trenge ut ei verksemd som ber vidare det som i si tid var ryggrada i Fjaler-industrien.
Nøgde gründerar
Birgitta Ralstoni i Transplant seier det ikkje har vore deira meining å presse Dale sko ut. Frå 1. oktober får altså den nye designbedrifta ta i bruk lokala dei har ynskt seg, og Ralston reknar med at dei kjem til å vekse sakte, men sikkert.