Hopp til innhold

Påsken i gang - i skisentra er forholda gode

Vêrmeldinga for første del av påska er ei einaste stor sol. Slik er forholda i skianlegga i palmehelga og påska.

Stryn vinterski

STRYN VINTERSKI: Flott i fjellet, både for dei som vil gå og renne på ski.

Foto: Rune Holen

Det er knapt ei sky på vêrkartet for dei neste vekene. Skitrekka står klare for årets påskeutfart og langrennsløypene gjennomgår siste finpuss før kvikklunsj, appelsing og turgåarar finn vegen til løypene. Her har du oversikta over skiforholda i dei ulike skitrekka og skiløypene i fylket.

LES OGSÅ: Meteorologen lovar super-påske

LES OGSÅ: Nysnø i låglandet - blåst bort på høgfjellet

Stryn Vinterski

I dei nedre partia av skitrekket meldast det om 60 centimeter snø, medan det i den øvste delen av anlegget er heile 210 centimeter. Anlegget planlegg å halde ope alle dagar i påska frå ti til fire.

heimesidene sine minner anlegget om at all ferdsel utanfor preparerte løyper vert gjort på eige ansvar. Seinast for ei veke sidan gjekk eit snøras i Stryn.

LES OGSÅ: Leitaksjon etter snøskred i Stryn

Sogndal Skisenter, Hodlekve

Det er 40 centimeter snø i dei nedste partia, medan det øvst i skitrekka er 60 centimeter snø. Alle skitrekk er opne, og anlegget held ope frå ti til fire i heile påska.

– Kjempeforhold både langrennsmessig og alpinmessig, seier Johny Skår i Sogndal Skisenter.

skisenteret sine heimesider råder dei skikøyrarane til å ta omsyn til både skredfare, og trafikk på riksveg 5 om dei køyrer ski i Sogndalsdalen. Det vert sett opp buss til å trafikkere riksvegen, for å minske mengda av privatbilar på vegen.

Sogn Skisenter på Hafslo

90 centimeter i dei øvste delane av skitrekket og 60 centimeter i dei nedste partia er status for Sogn Skisenter når påska tek til. Den første helga vil Heggmyri Rett Ned bli arrangert, eit renn der løparar skal køyre ned 670 høgdemeter på anten alpintski, telemarksski eller snøbrett.

Skitrekket kjem til å halde ope som vanleg både denne helga og resten av påska, frå ti til fire kvar dag. Det er ikkje kveldskøyring i påska.

Les meir på deira eigne heimesider.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harpefossen

HARPEFOSSEN: Fine forhold i Harpefossen, men ønskjet er litt meir snø.

Foto: Anne Grethe Strand

Harpefossen skisenter på Nordfjordeid

På sine heimesider melder trekket om fine forhold for skinedfart, men at dei gjerne skulle hatt meir snø å rutte med før påske. Trass i dette ønsket, viser informasjonen på skiinfo.no at Harpefossen har meir snø enn fleire andre skitrekk i fylket. Med 60 centimeter i dei nedste partia og 100 centimeter i dei øvste partia, skal snøen halde ut påsken.

Anlegget held ope frå klokka ti til halv fem kvar dag i påska. Langtorsdag er det big-jump-konkurranse, langfredag er det skicross og påskeaftan og 1. påskedag vert det arrangert alpintrenn i Harpefossen skisenter.

Breimsbygda Skisenter, Utvikfjellet

I påska held skitrekket ope frå elleve til fem kvar dag.

– Me har rundt tretti-førti centimeter med snø. Forholda er ganske like i heile bakken. Det er veldig bra føre no, og me har trakka alle lysløypene, Rypeskaret er også trakka, fortel Espen Thurmo Stordalen ved Breimsbygda Skisenter.

Skjærtorsdag vert alpintrennet Even Hole-cup arrangert, medan det på laurdag er klar for årets Rypeskarrenn i Breimsbygda..

Siplo Skisenter, Høyanger

Langrennsløypene er preparerte for både klassisk- og skøyteski. Palmesøndag er det klart for karusellrenn for barn. Skirennet Langhamrane Ned skal også bli arrangert i løpet av påska.

– Vi har lite snø, men me har begge traseane opne heilt opp til toppstasjonen. Det har vore stengt ei stund til toppen, men no prøver me å halde oppe, fordi det gjer gode turmoglegheiter, fortel Kai Helge Kjønås i Siplo Skisenter.

Med lite snø meinast det 70–80 centimeter i botn og halvannan meter på toppen. For Siplo er det naudsynt med mykje snø for å kunne tråkke løypa, og årets snømengd er langt mindre enn normalt i Høyangerfjella.

Skisenteret held ope frå klokka elleve til 15.30 kvar dag, til og med første påskedag.

Hornindal skisenter

Skisenteret held ope frå halv elleve til halv fem kvar dag i påska. Langrennsløypene i Hornindal er oppkøyrde. Forholda er fine, men med litt «skavlete topplag» i fjellet, skriv skisenteret på sine sider.

– Me har 50 centimeter nedst i bakken, og ein meter på toppen. Forholda er veldig bra, og det vil forhåpentlegvis halde seg slik så lenge temperaturen er låg om natta, fortel Amund Sverre Tomasgard ved Hornindal skisenter.

Sunnfjord skisenter, Blomlia

I påskeveka held trekket ope frå klokka elleve til fem kvar dag. Skitrekket melder på sine heimesider at snøforholda er gode.

– Det er veldig bra i bakken no, heilt strokne forhold. I snitt er det ein halvmeter med snø i bakken. Det er kunstsnø, så det er veldig slitesterkt, seier driftsleiar i Sunnfjord Skisenter, Sturle Angedal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jølster Skisenter

MYKJE SNØ: Jølster Skisenter melder om flotte forhold i påska. (Arkivfoto)

Jølster Skisenter

I Jølster er det 40 centimeter snø nedst i bakken og 65 centimeter på toppane. I påska held skisenteret ope frå halv elleve til halv fem kvar dag.

– Det er kjempeflotte forhold. Været gjer sitt til at det vert veldig bra med strålande sol, vindstille og kuldegrader om natta. Me har godt med snø i løypene. Litt mindre utanfor, men oppsummert er det fantastisk fine påskeforhold, seier Stig Tveit i Jølster Skisenter.

Første påskedag vil det faste Water Splash-arrangementet finne stad, der deltakarane med ski på beina skal forsere eit vassbasseng på 20–25 meter. Trynar dei vert det vått.

Det vil også vere ulike aktivitetar for barn og visning av film frå dei lokale skientusiastane i Skifantomet i løpet av påskeveka.