Det lovar statssekretær John-Ragnar Aarset i samferdsledepartementet i ein epost til NRK.
Eid-ordførar Alfred Bjørlo reagerte sterkt då han oppdaga at midlane til gang- og sykkelvegen mellom Nordfjordeid og Hornindalsvatnet var ute av forslaget til statsbudsjett. Byggearbeidet er godt i gang i det som er eit spleiselag mellom stat og kommune. Berre nokre få hundre meter står att å bygge.
- LES OGSÅ:
– Dette er direkte oppsiktsvekkande. Regjeringa har sagt dei skal satse på veg. Vi har kome så langt i førebuingane at vegstellet har teke til å rive hus langs vegen fordi alt er lagt opp til at ein skal byggje her neste år. Og så er pengane plutseleg vekk, sa ein oppgitt Bjørlo til NRK.no torsdag morgon.
Prosjektet inkluderer legging av ny hovudvassleidning til Nordfjordeid og fibernett under vegen. Bjørlo fryktar pengemangel vil gi full byggestopp.
Også Nils Magne Slinde, Statens vegvesen sin avdelingsdirektør i Sogn og Fjordane var overraska over å ikkje finne pengar til gang- og sykkelvegen i forslaget til statsbudsjett.
– Den er med i handlingsprogrammet, så vi hadde forventningar til at den var med, sa Slinde til NRK.
Må få ei fornuftig framdrift
LOVAR GANGVEG: Statssekretær i samferdsledepartementet, John-Ragnar Aarseth.
Foto: Olav Heggø / FotovisjonStatssekretær John-Ragnar Aarset seier departementet no har tatt tak i saka.
«Samferdselsdepartementet har vore i kontakt med både Alfred Bjørlo og Statens vegvesen det siste døgnet. Vi har som klar målsetjing at dette prosjektet må få ei fornuftig framdrift, og at ein skal kome i gang med dette prosjektet i 2015. Sjølv om det er sett av mindre pengar i statsbudsjettet enn det som truleg var førespegla, er dette uansett eit prosjekt som vil ha ein byggjeperiode som strekk seg over meir enn eit år. »
Ifølgje statssekretæren vil Vegvesenet halde eit oppklaringsmøte med kommunen i slutten av månaden.
«Assisterande vegdirektør, Lars Aksens, har nå gjort avtale om å møte Alfred Bjørlo og Eid kommune, saman med Vegvesenet i regionen, den 30. oktober. Målet med dette møtet er å bli samd med kommunen om framdrift og finansiering for legging av vassleidning og bygging av gang- og sykkelveg i løpet av 2015, 16 og 17.», skriv Aarset i e-posten til NRK.
For tidleg å seie at saka er løyst
Ordførar Alfred Bjørlo seier det har vore heftig aktivitet etter at dette vart kjent, og stadfestar at han har blitt kontakta av både vegdirektoratet og politisk leiing i samferdsledepartementet.
– Det er for tidleg å seie at saka er løyst, men det verkar som det er vilje til å prøve å sjå på saka på nytt når dette først har skjedd, seier Bjørlo.
Men han påpeikar at det enda er eit faktum at løyvingane er kutta veldig kraftig til denne vegstrekninga.
– Det blir spennande å sjå kva vegdirektoratet og departementet har tenkt å gjere, men no har vi i alle fall avtalt eit møte. Eg oppfattar at det er ei vilje til å prøve å finne løysingar. Då får vi satse på det og håpe at denne saka vil løyse seg. Det ville jo vere for dumt om dette prosjektet skulle stoppe no nokre få hundre meter før målstreken.