Hopp til innhold

Helsesøster-kutt gir fleire barnevernssaker

Det er ein klar samanheng mellom kor høgt kommunane prioriterer skulehelsetenesta og kor mange barnevernssaker dei har. Det stadfestar Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR).

Barnevern

Det er klar samanheng mellom kor høgt kommunane prioriterer skulehelsetenesta og kor mange barnevernssaker dei har.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Skoleelevane Kristina Novaković og Klara Marie Glosli ved Uranienborg skole i Oslo

Skoleelevane Kristina Novaković og Klara Marie Glosli ved Uranienborg skole i Oslo er glade for at de kan gå til helsesøster for å få hjelp.

Foto: Silje Sande, NRK
Helsesøster Solveig Strand og skulepsykolog Monica Beer Prytz

Skulepsykolog Monica Beer Prytz (t.v.) og helsesøster Solveig Strand.

Foto: Silje Sande, NRK
Barneombod Anne Lindboe

Barneombod Anne Lindboe.

Foto: Silje Sande, NRK
Trine Myrvold, forsker NIBR

Trine Myrvold, forskar ved Norsk institutt for by- og regionforsking.

Foto: Silje Sande, NRK

I dag er det stor forskjell på kor lett det er for born og unge å få tak i helsesøster. Kommunar med stram økonomi klarer ofte ikkje å prioritera skulehelsetenesta, og resultatet er mange stengde helsesøster-kontor kringom på skulane.

– Det er viktig å kunna banka på hos helsesøster når livet er vanskeleg. Det seier Kristina Novaković, som går på Uranienborg skule i Oslo. Som eit prøveprosjekt har alle 8.-klassingane på skulen fått undervisning i korleis dei skal takla vanskelege tankar og kvardagssituasjonar.

Både Kristina og klassevenninna Klara Marie Glosli er samde om at det har vore svært nyttig å få med seg verktøy som kan hjelpa dei til å tenkja positivt dersom dei kjem opp i vanskelege situasjonar.

– Alle får vanskelege tankar

– No veit vi at alle får vanskelege tankar, seier Klara Marie. – Og vi har lært at dersom vi gruar oss til noko, så kan vi for eksempel tenkja på kva som er det verste som kan skje. Det er jo ingen som døyr, eller blir sjuke av å ha ein vanskeleg prøve.

Helsesøster Solveig Strand og skulepsykolog Monica Beer Prytz, som har snakka med 8.-klassingane på Uranienborg, er opptekne av å gje dei unge hjelp til å takla vonde tankar og kjensler på.

– Det er viktig at skulehelsetenesta gjer dei unge meir robuste, seier Prytz. Ho ynskjer å gje 8.-klassingane kunnskap som dei kan ha nytte av i vanskelege situasjonar.

– Dei psykiske plagene som råkar flest og kostar samfunnet mest, til dømes depresjon hos ungdom, er også dei som er enklast å førebyggja.

Viktig å nå ut til mange

Strand legg til at det er viktig å nå ut til mange, og ikkje berre ta i mot dei som søkjer hjelp fordi dei har eit problem. Ho ynskjer å gje noko til alle i forkant av at problema veks seg store.

Både Kristina og Klara Marie seier det er viktig å ha helsesøster til stades på skulen.

– Det at ho også er innom i klassen gjer at vi blir kjent med henne, og då er det lettare å kjenne seg trygg og stole på henne, seier Klara Marie.

Mange er heilt utan helsesøster

Men ikkje alle er så heldige som elevane på Uranienborg i Oslo. På mange skular er helsesøster berre til stades ein halv dag, annankvar veke. Andre skular er i periodar heilt utan helsesøster.

Barneombod Anne Lindboe synest det er leit at mange kjem til ei låst dør når dei treng å snakka med helsesøster.

– Det kan vera at du er blitt slått, at du er utsett for eit overgrep, at du akkurat er blitt mobba eller har det frykteleg vanskeleg akkurat no. Då treng du hjelp med ein gong.

Lindboe seier det ikkje fungerer for born og unge å bestilla time om ei veke, eller banka på ei dør som er stengd.

– Då betyr det ofte at borna lukkar seg inne i seg sjølv, og det er ikkje sikkert at hjelpeapparatet får den same sjansen igjen til å høyra korleis borna faktisk har det, og kva slags hjelp dei treng.

Ein klar samanheng

Trine Myrvold ved NIBR stadfestar at dei har funne ein klar samanheng mellom helsesøsterdekning og alvorlege barneverntiltak som akuttplasseringar og institusjonsbruk.

– Vi trur det kan vera slik at kommunar som har mange helsesøstrer klarer å fanga opp ein del vanskelege situasjonar tidleg, og at dei på den måten kan førebyggja ansvarsovertaking eller institusjonsplassering av born og unge.

Regjeringa har lagt 180 nye millionar kroner på bordet i Folkehelsemeldinga. Pengane skal gå til helsestasjons- og skulehelsetenesta i kommunane.

– Det er eit skritt i riktig retning, men det trengst endå meir pengar for å sikra at alle born og unge i Noreg får eit bra nok tilbod, seier barneombod Anne Lindboe.

Ho fryktar at kommunane ikkje kjem til å bruka pengane på det dei er meint for, og er difor heilt klar på at midlane bør øyremerkast.

AKTUELT NÅ