Hopp til innhold

Lønning kritisk til Navarsete

Liv Signe Navarsete sin telefon til styremedlem Jorunn Ringstad framfor sist styremøte i Helse Førde er blitt sak på helseminister Sylvia Brustad sitt bord.

Liv Signe Navarsete
Foto: Tor Erik Schrøder / Scanpix

Med utgangspunkt i denne episoden spør stortingsrepresentant Inge Lønning frå Høgre kva helseministeren vil gjere for å sikre at den politiske styringa av helseføretaka er i samsvar med lova.

 

 

Inge Lønning
Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

- Er du medlem i ei regjering kan du ikkje gripe inn i ansvarsområdet til ein annan statsråd og påverke avgjerdene i enkeltsaker, seier Inge Lønning.

- Ikkje formildande

I forkant av siste styremøtet i Helse Førde tok Liv Signe Navarsete ein telefon til sin gode kjenning og partifelle Jorunn Ringstad for - som ho seier - å orientere seg framfor styremøtet som mellom anna hadde fått oppmoding frå Lærdal om å handsame saka om ortopedien i Lærdal på nytt. Inge Lønning ser ingen formildande omstende i at det er to partivener som snakkast.

- Det gjer det ekstra betenkeleg. Når ein person er blitt statsråd og medlem av ei regjering er det den rolla som avgjer kva den personen kan gjere eller ikkje.

- Jens bør halde innføringskurs

Då denne saka kom på trykk i Firda, sa Liv Signe Navarsete at ho meinte denne typen kontakt var heilt uproblematisk og noko ho ville halde fram med. Det overraskar Lønning.

- Det talar for at Jens Stoltenberg burde halde eit lite innføringskurs for statsrådane sine om kva som går an og kva som ikkje går an når ein sit som statsråd.

- Finst ikkje uformelle kanalar

No må helseminister Sylvia Brustad svare på brevet frå Lønning. Det skal skje innan få dagar. Lønning ventar at ho då stadfestar dei formelle kanalane, der helseministeren er den einaste som politisk kan gripe inn overfor eit føretaksstyre. Det finst ikkje uformelle kanalar, seier Lønning.

- Nei, fordi då blir det heilt ugjennomsiktig. Eg går ut frå at det var heilt tilfeldig at denne telefonsamtalen vart offentleg kjend, og at det var meininga at ingen andre enn dei to skulle vite om samtalen, men det gjer det endå meir betenkeleg.