Hopp til innhold

Lokaltoga startar opp mellom Bergen og Arna måndag

Lokaltoga vil begynne å gå som normalt mellom Bergen og Arna stasjon frå og med måndag morgon, opplyser Vy til NRK.

Frå Arna og austover går det buss for tog til Dale, og så går lokaltoget vidare til Voss eller Myrdal.

Søndag vart dei skadde vognene til godstoget som spora av, fjerna frå Arna stasjon. Måndag skal lokomotivet hentast ut.

Passasjerar som skal ta regiontog mellom Bergen og Oslo må framleis ta buss mellom Bergen og Voss. Bussen går til oppsett rutetid.

– Passasjerar med regiontog må ikkje finne på å ta lokaltog mot Arna, då vil dei ikkje rekke toget frå Voss, seier kommunikasjonssjef i VY, Åge-Christoffer Lundeby.

Buss for tog fra Bergen-stasjonen
Foto: Oskar Rennedal