Hopp til innhold

Lokalbefolkninga fraktar koronatestar: – Vi sparer tusenvis på taxi

Den vesle kommunen har stått til knea i arbeid etter at 90 personar ved skipsverftet Havyard vart smitta av koronaviruset. Då sende dei ut eit uvanleg spørsmål til innbyggarane.

Atle Lerpold

DUGNAD: Atle Lerpold og kona Sissel tok på seg oppgåva då kommunen trengde hjelp.

Foto: Linn Haug Eide / NRK

Kommunen oppmoda innbyggarane på sosiale medium å ta på seg oppdraget med å frakte koronatestar til Førde sentralsjukehus.

Administrasjonen hadde for mykje å gjere, og å bestille drosje ville koste store summar. Det hastar for kommunen å få oversikt over smitta.

Atle Lerpold tok på seg oppgåva.

– Kona såg at Hyllestad kommune hadde spurt på Facebook, seier Atle Lerpold.

Og då var vegen til ektemannen kort.

– Det kan vel du gjere, sa ho. Og då gjorde eg det. Må lyde kona, seier Lerpold.

Korona i Hyllestad kommune

BØN OM HJELP: Utklipp frå kommunen si Facebookside.

Foto: Skjermdump Hyllestad kommune på Facebook

– Vi sparer tusenvis på taxi

Ordførar i Hyllestad Kjell Eide (Ap) er glad for at privatpersonar køyrer koronaprøver på dugnad.

– Vi slepp å bruke tusenvis av kroner på taxi, eller at ein av våre tilsette i kommunen må bruke halve dagen på å køyre til og frå Førde.

Nærmaste drosjesentral ligg i nabokommunen.

– Folk veit omtrent kor vi har kvarandre. Det går fint an å spørje etter hjelp på Facebook, seier ordføraren.

Kommunen har måtta teste over 700 av dei vel 1400 innbyggarane etter eit stort smitteutbrot ved skipsverftet med over 400 tilsette.

Så langt ser det ut til at smitten er avgrensa til arbeidarar ved verftet. Eit team frå FHI har fredag vore i Hyllestad for å assistere kommunen.

Ordføraren trur koronapandemien vil koste kommunen 10 millionar kroner, minst. Særleg er utgiftene store til karantenehotell for over 140 arbeidarar ved verftet, skriv Firda.

– Det er meininga at staten skal dekke dette, seier Eide.

Ordførar Kjell Eide i Hyllestad.

ORDFØRAR: Kjell Eide (Ap)

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Nakstad: – Kjenner ikkje detaljane rundt dette

I Hyllestad kommune har vanlegvis ein tilsett i administrasjonen frakta smitteprøver til Førde sentralsjukehus.

I fylgje Helse Førde er variasjonen stor i korleis prøver blir frakta. Nokon nyttar ekspresspost, nokon køyrer sjølve, andre har laga henteordning der det er trøbbel med å få posten fram fort nok.

Transport på dugnad er nytt for assisterande helsedirektør Espen Nakstad i Helsedirektoratet.

– Vi kjenner ikkje detaljane rundt dette. Transport av prøver skjer vanlegvis i eigne logistikklinjer. Dersom det dukkar opp ekstraordinære behov er det viktig at dette vert meldt til sjukehuslaboratoriet, seier Nakstad.

Koronasmitta frå Hyllestad til Bergen

KORONABUSS: 15 av dei smitta frå Hyllestad kom laurdag kveld med buss til Bergen, for å bu i isolat på Bergen kommune sitt koronahotell.

Foto: Anders Nøkling / NRK

– Er heilt greitt

Atle Lerpold meiner det er heilt greitt å stille opp for den hardt prøva kommunen.

Hyllestad ligg fleire hundre gonger over raudt smittenivå.

– Eg køyrer ofte til Førde. Den tek 1 time og 15 minutt. Når kommunen treng ei teneste er det heilt greitt.

Transporten av prøvene gjekk knirkefritt, seier Lerpold nøgd.

– Eg køyrer alltid forsiktig så dette gjekk bra. Det er fint at kommunen får klargjort kven som er smitta.

Havyard i Leirvik i Hyllestad

VERFT: Havyard Leirvik i Hyllestad.

Foto: Elise Kvien / NRK