Hopp til innhold

Ellevill konkurranse i Sogndal

– No angrar eg på at eg meldte meg til dette, sa politibetjent Roger Nomedal like før han sette utfor hoppkanten i Fjellsportfestivalen sin Fjellsportchallenge i Sogndal sentrum.

For unnarennet var verken snødekt eller bratt, men blautt og flatt: Sognefjorden.

Ti lag kjempa om heider og ære under Fjellsportfestivalen sin Fjellsportchallenge i Sogndal sentrum i dag.

Lovens lange arm

– Det blir for det fyrste veldig kaldt. Me hadde ein diskusjon for ei veke sidan om at det kanskje kunne bli fjordbading, so eg har nok grua meg litt, ja.

Han var politiet sitt lag, Lovens lange arm, sin representant i dagens våtaste øving: fjordhopping.

– Ein må berre trø til når det gjeld, sjølv om eg ikkje har so veldig lyst uti vatnet no, seier politibetjenten.

– Saltoen til han som hoppa no blir vanskeleg å følgja opp, men eg får prøva å finna på noko lurt noko. Dette er ein ganske annleis dag på jobb enn det som er vanleg!

(Artikkelen held fram under biletet)

Blaut politibetjent

BLAUT: Politibetjent Roger Nomeland hoppa i det for Lovens lange arm.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kreativ innsamling

Konkurransen var delt inn i fire disiplinar, der det byrja med bruskassestabling framfor Sogningen storsenter. Etter det var det klart for snørekøyring etter hest med innlagde hopp i sentrumsparken i Sogndal.

Tredje øving var fjordhoppinga, medan den fjerde øvinga gjekk ut på å samla inn mest mogleg pengar til eit godt føremål i lokal eller regional regi.

Og ordførar Jarle Aarvoll, som deltok på kommunen sitt lag, fann ein kreativ måte å samla inn pengar på.

Ordførar Jarle Aarvoll på pengeinnsamling

3. PLASS: Dette stuntet sikra laget frå kommunen tredjeplass i pengeinnsamlingsdisiplinen. Dei samla inn godt over 3000 kroner på nokre få timar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ein heldig person får fri bruk av ordføraren i ein time. Det kan vera støvsuging, bilvask eller nesten kva som helst. Sjølvsagt innanfor nokre moralske grenser, då, smilte ordføraren.

Det vart samla inn over 18000 kroner total.

Boble

Anna Sara Fjeld

STRÅLTE: Anna Sara Fjeld strålte etter konkurransen. Både fordi det gjekk knirkefritt, men også fordi dei samla inn 18 000 kroner til eit godt formål.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg er strålande nøgd. Både publikum og dei frivillige var i kjempehumør, og alt gjekk heilt supert, strålte arrangør Anna Sara Fjeld.

Vinnaren får ei boble, og kven det heldige laget er, blir presentert på Fjellsportkvelden i kveld.