Hopp til innhold

Lødemel stilte ingen spørsmål på Stortinget i år

Bjørn Lødemel (H) har vore den minst aktive Sogn og Fjordane-representanten på Stortinget det siste året.

Stortingssalen

I denne sal har ikkje Bjørn Lødemel (H) vore særleg aktiv det siste året.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Fredag var siste dagen før sommarferie på Stortinget, og det viser seg at Bjørn Lødemel (H) har hatt lite aktivitet å vise til det siste året.

Honndølen står oppført med ingen spørjetimespørsmål, ingen skriftlege spørsmål, ingen interpellasjonar og ingen representantforslag sidan Stortinget opna i fjor haust.

Kvar blir det av Bjørn Lødemel?

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) meiner at Lødemel bør vere meir aktiv.

– Skal ein sitte på Stortinget for Sogn og Fjordane, er det viktig at ein kjemper for våre interesser. Eller så vert det kutt i tenestene våre og det går ut over innbyggarane, seier ho.

Følling vart overraska då ho høyrde tala for høgremannen sin aktivitet.

– Med Lødemel si rolle hadde det vore bra med nokon som hadde stått meir på for våre interesser.

– Eg set spor etter meg

Bjørn Lødemel

ANNA ROLLE: Bjørn Lødemel (H) meiner at rolla hans i eit regjeringsparti ikkje kan målast på aktiviteten på talarstolen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Mi viktigaste oppgåve er å vere døropnar for høgrefolk, både frå lokalpartia, ordførarane og fylkespartiet, når dei har saker dei ønsker å ta opp, seier Lødemel sjølv.

Han meiner at han har ei anna rolle enn dei andre frå fylket, sidan han representerer regjeringspartiet Høgre.

– Det betyr at eg møter statsrådane éin gong i veka og det gir meg rikeleg anledning til å spørje og diskutere, seier Lødemel.

Dette meiner han gir gode resultat.

– Eg set spor etter meg. Ein kan sjølvsagt markere seg sterkare ved å stille spørsmål, men for meg er det politiske resultat som tel mest.

I ein skvis

Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, seier òg at spørjetimen ikkje er det viktigaste for Lødemel.

Høgre-representantar er meir bunde av partiet sidan dei er i regjering og kan derfor ikkje bruke talarstolen fritt. Takvam trur at Lødemel er i ein skvis mellom regjeringa og fylket sine interesser.

– Det kan godt hende at Lødemel, inst inne, i mange saker, er kritisk til distriktsprofilen til regjeringa. Men av lojalitet er han nøydd til å slutte rekkene.

Liv Signe Navarsete.

FRI: Liv Signe Navarsete har ein friare rolle enn Lødemel, og kan derfor markere seg meir, seier Magnus Takvam.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Då Erling Sande representerte Senterpartiet, stilte han nokre få spørsmål til si eiga regjering.

Opposisjonen kan markere seg

Det er vanskeleg å peike ut den mest aktive frå fylket.

Ingrid Heggø (Ap) har mellom anna stilt mange spørsmål til fiskeriminister Per Sandberg, Liv Signe Navarsete (Sp) stiller mange spørsmål om regjeringa sin EU-politikk, medan Sveinung Rotevatn (V) mellom anna har vore med å levere inn seks lovforslag det siste året.

– Dei andre frå Sogn og Fjordane har eit mykje friare spelerom. Navarsete og Arbeidarpartiet har reindyrka opposisjonsroller, medan Sveinung Rotevatn er i ein mellomrolle, seier Takvam.

Det skal seiast at Lødemel i vinter har vore borte med permisjon i 90 dagar, med utdanning på Forsvarets Høgskule. Varaen Bjørn Erik Hollevik hadde heller ingen «poeng» i denne perioden. For tida er Ingrid Heggø i permisjon.