Hopp til innhold

LO støttar fundotilsette

LO engasjerar seg for å ivareta rettane til tidlegare Fundotilsette.

Personalmapper vart brende opp
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Tidlegare hovudvernombod ved Fundo Wheels er bekymra fordi det ikkje finst ordningar for å arkivere informasjon om kjemikaliar og andre farlege stoff tilsette har jobba med.

Les òg: Arbeidsledige misser rettar

No krev LO endring i forskrifta.

- Hol i regelverket

Det finst i dag klare reglar for at opplysingar om stoff som anten er registrerte som kreftframkallande, skadelege for arvestoff og bly skal oppbevarast i 60 år hjå direktoratet for arbeidstilsyn.

Men for andre stoff er det ingen reglar om plikt til å oppbevare informasjon når bedrifta blir lagt ned. LO meiner regelverket er for dårleg og krev at holet i regelverket blir tetta.

- Dei tilsette har ingen dokumentasjon for kva dei har blitt utsett for, seier verneombod ved Fundo Wheels Henrik Fjeldsbø.

Han tenkjer spesielt på tilsette som har jobba i lakkavdelinga og med ulike kjemikaliar og støvtypar.

Leiar for arbeidsmiljøavdelinga i LO, Bjørn Erikson, seier at dei har sett døme på at ein kan få skadar som kan bli ført tilbake til ein tidlegare arbeidsplass. Om stoff og kjemikaliar er registrerte kan det hjelpe med å finne årsaka til sjukdom, og også leggje grunnlaget for at personen for oppfylt rettar i høve slike forhold.

- Me ser eit behov for å oppbevare slike opplysingar slik at me i størst mogleg grad kan hjelpe dei som måtte bli sjuke, seier Erikson.

Vil ikkje endre forskriftene

Arbeids- og inkluderingsdepartementet seier i ein kommentar at dei per i dag ikkje har planar om å endre forskriftene.

Dette vil ikkje avdelingsdirektør Erikson godta. Han seier det er viktig at dette blir gjort noko med. Og på grunn av dårlege finansielle tider der mange verksemder går konkurs, meiner Erikson at forskrifta må bli endra fort.