Hopp til innhold

Arbeidsledige misser rettar

Tidlegare tilsette i konkursverksemder har ingen dokumentasjon å vise til viss dei blir sjuke av arbeidet dei har gjort.

Fundo Wheels

Tidlegare hovudverneombod Henrik Fjeldsbø og hovudtillitsvald Erik Flæthe.

Foto: Bård Siem / NRK

Det finst ikkje reglar for å ivareta helsa til dei som har mista jobben etter ein konkurs.

Mange av dei tilsette i konkurssråka Fundo Wheels i Høyanger har i fleire år jobba med løysemiddel. Tidlegare hovudverneombod Henrik Fjeldsbø fryktar at tilsette kan miste eventuell erstatning for løysemiddelskader.

Redusert til null

- Eg visste jo at rettane til dei tilsette blir redusert. Men at dei blir redusert til null på desse områda, hadde eg ingen forestillingar om, seier Fjeldsbø.

I februar gjekk Fundo Wheels konkurs på grunn av sviktande sal i bilmarknaden, og 320 arbeidarar sto igjen utan jobb.

Fekk sjokk

Då hovudverneombod Fjeldsbø sette seg inn i problemstillingar som kan dukke opp i framtida, fekk han seg eit sjokk:

- La oss seie at om tre år kjem ein tidlegare tilsett som har fått påvist ein yrkessjukdom eller yrkesskade. Han har ingen annan dokumentasjon på at han har jobba med kjemikalium som kan ha framkalla dette, anna enn at han har eit avsluttingsbevis frå Fundo, seier han.

For det finst ingen krav til at konkursråka verksemder skal sende inn skaderapportar om helsefarlege stoff. Reglane gjeld berre viss tilsette har vorte utsette for kjemikalium som vi i dag veit kan vere kreftframkallande.

Får ikkje alle opplysningar

Senioringeniør Geir Teigen i Arbeidstilsynet stadfestar opplysningane.

- Konsekvensane kan vere at ein ikkje får alle dei ønska opplysningane viss ein skal få ut opplysningar i etterkant om denne verksemda, seier han.

No krev Fjeldsbø at det kjem ein ny heimel som seier at slike opplysningar blir tekne vare på, sjølv om bedrifta går konkurs. Tilsette i Fundo har pusta inn både løysemidldel og støv som Fjeldsbø er redd viser seg å vere helseskadelege.

- Eg synest det er katastrofalt, og det at vi er inne i vanskelege tider som no gjer berre dette meir aktuelt, seier han.