Hopp til innhold

LO fryktar grov utnytting av ungdom

Nedgangstider kan føre til systematisk utnytting av ungdom i bedrifter, fryktar LO. Dette er mistenkeleggjering av bedrifter, svarar NHO.

Øyvind Møller

FRYKTAR UTNYTTING: LO er uroa for at oljekrisa og nedgangstider kan føre til eit stort press på arbeidstakarar, og at dette skal føre til at særleg ungdom går med på dårlegare lønsvilkår enn dei har krav på. Øyvind Møller (biletet) er ungdomssekretær i LO i Sogn og Fjordane.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

I dag starta LO sin sommarpatrulje arbeidet med å reise rundt til bedrifter for å opplyse om rettane unge arbeidstakarar har. Store delar av manglane dei kjem over handlar ofte om slurv, men i år er dei uroa for at det kan skje meir bevisst. Mest uroa er dei for at pressa arbeidstakarar skal godta ei lågare løn enn dei har krav på.

– Vanlege arbeidsfolk begynner å kjempe om jobbane, og samstundes skal ungdom inn i sommarjobbar for å prøve seg. Då kan dei begynne å konkurrere på løningar, og ein kan få ei grov utnytting av ungdom, og eigentleg også vanlege arbeidstakarar, seier Øyvind Møller, som er fagleg ungdomssekretær i LO sitt distriktskontor i Sogn og Fjordane.

– Er det noko som tilseier at har skjedd?

– Vi har berre fått nokre små indikasjonar på det, ikkje her i fylket, men det kan kome her også om vi får ei mykje større arbeidsløyse, seier Møller.

NHO: Mistenkeleggjering av bedrifter

Dette får regiondirektør Jan Atle Stang i Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) i Sogn og Fjordane til å steile.

Jan Atle Stang i NHO

KRITISK: Regiondirektør for NHO i Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang.

Foto: Pressefoto/Moment studio

– Dei aller fleste arbeidsgjevarar er opptekne av å drive etisk seriøst, både når det gjeld tilsetjing- og lønstilhøve. Vi har ingen indikasjonar på at dei vil utnytte situasjonen slik som det blir hevda her, og det er mistenkeleggjering som eg ikkje heilt likar. Det er veldig dårleg i høve til næringslivet sitt omdøme, seier Stang.

Han meiner det LO sin sommarpatrulje gjer ein viktig jobb, men seier uroa til LO i år er uheldig når dei skal ut og drive informasjonsarbeid.

– Dei må vere veldig på vakt for å ikkje ha gjort seg opp ei meining før dei går inn i bedriftene, for då har dei mista litt av misjonen sin, seier regiondirektøren.

Avviser kritikken frå NHO

Møller i LO held fast ved at dette er noko dei er uroa for, og særleg i område med høg arbeidsløyse. Men han avviser at dei driv med mistenkeleggjering.

– Vi tek dette opp for å ligge litt i forkant. Det er opplysningsarbeid vi driv med, og ein viktig del av det er at folk ikkje skal måtte tenke at dei må gå i løn for å ned i jobb, seier ungdomssekretæren.

Han går heller ikkje med på at dei har gjort seg opp tankar om bedrifter før dei besøker dei.

– Vi går ikkje inn i bedrifter med tanke om at det her er snusk og fanteri. Det er ikkje det vi gjer. Vi går inn for å opplyse ungdom og hjelpe bedrifter til å gjere det betre.