Tim-Robin Lihaug frå Fjell på Sotra nådde sitt mellombelse karrierehøgdepunkt i helga. Barndomsidolet Arthur Abraham (36) vart for sterk i ringen i proppfulle Max-Schmeling-Halle i Berlin, og vann på teknisk knockout.
- LES MEIR:
Snakkar om gull
Nordmannen heldt åtte rundar framfor dei 6.000 tilskodarane. Trass tapet haldt Lihaug stand lenger enn ekspertane, og boksaren sjølv, hadde håpa på førehand.
– Eg er veldig skuffa, men eg tek med meg det positive. Det er ikkje så langt opp til dei aller beste.
23-åringen står no med 15 sigrar og to tap i karrieren. Lihaug let ikkje nederlaget i Berlin koma i vegen for ambisjonane.
– Målet er å vera verdsmeister innan to år. Det har eg trua på at eg skal klara, seier Lihaug, som boksar i klassen supermellomvekt.
Avviser ikkje Spektrum
No ventar ferieveker heime i Noreg, før proffboksaren spissar forma opp mot neste stemne. Men korkje stad, tid eller motstandar er stadfesta.
– Eg kjem ikkje til å boksa før 1. oktober. Det kan eg seia.
Då går Cecilie Brækhus i ringen i Oslo Spektrum, til det som vert den første profesjonelle boksekampen på norsk jord.
- LES MEIR:
Lihaug opnar for at også han kan koma til å delta. Problemet er at han ikkje har same promotor som Brækhus.
Stemnet i Spektrum markerer at det norske bokseforbodet er oppheva. Den opplevinga kan Lihaug tenka seg å vera med på.
– Ingenting er enno heilt avklara. Det hadde vore fantastisk å boksa på norsk jord, seier Lihaug.
Draumearenaen er på Sotra
Det som hadde vore endå meir fantastisk er om 23-åringen fekk boksa på heimebane på Sotra. Storsalen på Sotra har ein kapasitet på 4.000 tilskodarar.
– Eg har aldri boksa på heimebane før. Sotra Arena hadde vore min draumearena, utan tvil. Men eg hadde ikkje takka nei til Bergen, heller.