Hopp til innhold

Lensmann med bøn til festdeltakarar

- Kle dykk etter temperaturen og ver varsome med alkoholen.

Dans

KLE DEG: Lensmannen i Sogndal oppmodar folk om å tenkje seg om før dei går på julefestar i lite klede.Illustrasjonsfoto.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

Det er Jan-Tore Thue, lensmann i Sogndal, som kjem med oppmodinga til alle som skal på fest i desse julebordstider.

- Ta ansvar

Jan-Tore Thue

VER BEVISSTE: Lensmann Jan-Tore Thue meiner ein skal ta omsyn til vêret når ein skal på julebord.

Foto: Arne Eithun / NRK

- Vi ber kvar einskild ta ansvar for seg sjølv.

Natt til søndag for ei veke sidan fekk politiet melding frå to ungdomar som hadde observert ein svært tynt kledd mann som virra rundt i området ved Sognehallen i Sogndal.

Det bles ein kald vind denne natta, og temperaturen var godt under minus.

Takkar ungdomen

Julebord

IKKJE FOR MYKJE: Tenk over kva du puttar i deg, ber lensmannen i Sogndal.

Foto: colourbox.com

Politiet kom til staden, og tok hand om mannen som var prega av å ha vore ute i kuldegradene ei stund. Han var også svært rusa, og politiet valgde å køyre mannen heim.

- Vi ønskjer å takke ungdomen som tok ansvar og varsla om hendinga, skriv lensmannen på bloggen til politiet.

- Kle deg etter forholda

Julebord

FESTTID: Mange gler seg til god mat og sosiale samankomster med vener i advents og juletida. Men det kan gå gale.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Og i same slengen oppmodar altså Thue folk om å vere seg bevisste både minusgrader og alkoholinntak i adevents- og juletida vi no er inne i.