Hopp til innhold

Så kald var starten på desember

Ikkje før har vi lagt bak oss ein rekordkald november, så starta desember med sprengkulde i indre strok.

Kaldt på Breim

SPRENGKULDE: Så fin kan vinteren vere når det er skikkeleg kaldt. Biletet er frå Breim i Gloppen.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Ifølgje prognosane vi har no, har vi nådd eit minimum for denne gongen. No ser det ut for at temperaturane skal krype litt oppover, seier statsmeteorolog Rasmus Myklebust.

- Men kald luft er vanskeleg å få vekk, så kulda kan vare litt til, legg han til.

Så kaldt var det i dag tidleg

Grytidleg onsdag morgon var det iallfall framleis kaldt i Sogn og Fjordane.

Her er nokre temperaturar i morgontimane:

  • Loen -14
  • Sandane -9
  • Øvre Årdal -12
  • Sognefjell -20
  • Sogndal -12
  • Gullfaks 0
  • Florø -6
  • Leirvik -5
  • Førde -14
  • Selje -6

Ventar mildare vêr på søndag

Meteorologen ventar at dei låge temperaturane held fram til søndag, men at det då skal bli mildare. Då kjem det lågtrykk innover Sogn og Fjordane, og det er også venta noko nedbør.

LES OGSÅ:

Her er nokre av dei innsende temperaturane frå NRK Sogn og Fjordane sine lyttarar onsdag morgon:

  • Senneseth i Gaular -18,5
  • Dale -14,5
  • Undredal -11,7
  • Bryggja -11
  • Veitastrond -24
  • Fløtraflata ved Byrkjelo -20

SJÅ VERVARSELET FOR SOGN OG FJORDANE HER